DEBATT: Dette er eit debattinnlegg som gjer uttrykk for artikkelforfattaranes meining.
La oss no tenkje litt i fellesskap her. Til jul er det mange born og unge som ikkje synest det er så kjekt å feire jul, fordi dei vaksne som omgjev dei kan vere rusa. I nyårshelga er det nokre som kombinerer det å sende opp fyrverkeri med å bruke rusmiddel - og det utan å bruke vernebriller også. Statistikken viser at det ikkje er ein knallkombo. Talet på augeskader etter bruk av privat fyrverkeri var for nyårshelga i fjor slik: «Etter nyttårsaften i fjor kunne sykehusenes øyeavdelinger melde om at ti personer måtte ha helsehjelp etter øyeskader forårsaket av fyrverkeri. Fire av de skadde tente ikke engang lunta, men var tilskuere. Sju av skadene var relatert til bruk av effektbatteri, som er det nærmeste man i dag kommer pinneraketter som ble forbudt i Norge i 2008. Ei jente måtte ha helsehjelp etter at hun ble skadd av et stjerneskudd.» Det skriv Dagbladet 31. desember 2023 om kvelden. Altså er dei tala som dei oppgav då, frå nyårsfeiringa i 2022. Vi må elles presisere her at desse tala ikkje fortel kven som hadde alkoholrelaterte augeskader frå fyrverkeri. «– Vi ser fremdeles alvorlige øyeskader forårsaket av fyrverkeri. Det har ikke gått særlig ned, sier øyelege og avdelingssjef Espen Ringvold ved Sørlandet sykehus til Dagbladet.Kva kan vi som samfunn gjere for at unge menn som i alkoholpåverka tilstand sender opp fyrverkeri ikkje skal skade anten eigne eller andre sine auge? spør Per-Arne Lillebø og Hjørdis Almelid Vikenes i IOGT i dette debattinnlegget.
DEBATT
I ettertanken si verd
No er jula 2023 attom. No er nyårsfeiringa i Noreg attom. Då kan det kanskje vere litt lurt å entre ettertanken si verd.