Siste
- Vi kan alle vere litt meir ansvarlege foreldre, slektningar, kollegaer og naboar til barn og unge som treng å sjå at fleire foreldre og andre vaksne tar rusfrie val. Ei alkoholfri og kvit jul kan vere akkurat det du og barn og unge i ditt nabolag treng, skriv Per-Arne Lillebø og John Almendingen i IOGT i dette debattinnlegget. (Illustrasjon: IOGT)

Ei kvit jul for deg og dine


DEBATT: Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for artikkelforfatternes synspunkter.

Denne hausten kan vi sjå filmen «Stargate – en julefortelling» på kino. Det er ein aktuell, nærgåande og sår film om ein enslig pappa som har viljen til omsorg for sine to døtre, men som etterkvart mist helt evnen fordi han drikk for mykje. Filmen er ikkje ei historie om «den bostadlause alkoholikaeren» eller noko anna vi kan peike på for å halde avstand til temaet. Dette handlar om menneske og vanskar som finnes nær svært mange av oss, på ulike måtar.

I vekene framover mot årsskiftet har Vinmonopolet nokre av sine beste salgsveker gjennom året. Drikkinga topper seg altså med feiringen av advent, jul og nyttår. Det paradoksale er at dette og handlar om veldig store forventingsdagar og høgtidsdagar for barn. Sjølv om mange barn får ei god jul, veit vi at titusenvis av barn i Norge nå styrer inn mot mer utryggleik, vonbrot og mangel på nok omsorg. Dette er bakteppet for at vi i den ruspolitiske organisasjonen IOGT inviterer alle med på ei Kvit Jul – ei julefeiring uten alkohol.

Alkohol representerer det største rusmiddelproblemet i Norge, i forhold til omfang og skadevirkningar på personleg helse og sosialt liv. Barn vert rama spesielt hardt av voksne sin alkoholbruk, viser undersøkingar frå Folkehelseinstituttet, FHI. 

Nye studiar viser og at 32 prosent av 15-16-åringane våre oppga å ha drukke alkohol dei siste 30 dagane i 2024, mot 26 prosent i 2019. I ei undersøking i 2024 oppga 17 prosent av dei spurte ungdommane at foreldra hadde sendt med dei alkohol på fest. Det er ein auke frå 9 prosent i 2019. Når vi veit at barn og unge ofte arvar dei voksne sine vanar, er dette ei urovekkande utvikling. IOGT menier det er viktig å snu ei slik utvikling gjennom holdningsendringar. 

Forskning viser og at ungdom som veit at dei ikkje får lov til å drikke alkohol, drikk mindre. Noko av det beste vi kan gjere for å demme opp for det største rusproblemet i landet, er altså at vi setter nokre grenser for oss sjølv, og setter tydelege grensar for 14-15- og 16-åringane våre. Dette handlar om at holdningar vert skapt av det vi gjer, ikkje berre av det vi seier.

Barn som slipp fulle foreldre og andre voksne heim frå julebord og mykje alkohol i jule- og nyttårsfeiringa er ganske enkelt tryggare barn – det veit vi alle, innerst inne. Vi i IOGT håper at den store omsetningsauken av alkoholfrie alternativer på Vinmonopolet dei senere åra kan vere eit tegn på viktige holdningsendringar og livsstilsendringar hos stadig fleire.

Det store og viktige budskapet frå IOGT og Kvit Jul-kampanjen handlar ikkje om statistikk og forskning, men om kvart eiskilt barn som no opplever at denne jula blir vanskeleg. Vi kan alle vere litt meir ansvarlege foreldre, slektningar, kollegaer og naboar til barn og unge som treng å sjå at fleire foreldre og andre vaksne tar rusfrie val. Ei alkoholfri og kvit jul kan vere akkurat det du og barn og unge i ditt nabolag treng. Lag ei Kvit Jul for deg og dine!

DELTA I DEBATTEN: Send ditt innlegg til [email protected] 

Hva tenker du
Flatangernytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.