--------------------
DEBATT: Dette er eit debattinnlegg som gir uttrykk for meiningane åt artikkelforfattaren.-------------------– Dette er tre punkt kommunedirektøren godt kan ha som nyttårsforsett, saman med alle dei flinke folka hen har rundt seg. For ordens skuld: Det er ikkje slik at ikkje kommunane gjer noko av dette allereie. Men mange kan gjere meir av det. Utan at det kostar så mykje. Dette er tiltak som handlar om å tenkje og handle litt annleis enn det som er mest vanleg. «Vi skal ta vare på dei som bur i og kjem til kommunen» Det bur folk i alle kommunane i Norge. Kvart år flyttar det nye folk til alle kommunane i Norge. Likevel går folketalet ned i svært mange av dei. Då er det lett å rope «ulv!» og konsentrere seg om feil innbyggjarar: Dei ein ikkje har. Konsekvensen av det kan vere at ein lagar eit bilete av at det står veldig dårleg til i kommunen. Har du lyst til å bu i ein kommune det står dårleg til i? Ikkje det? Då kan det tenkast at du hadde sett meir pris på å bu i ein kommune der du følte at innsatsen vart retta mot deg og dei andre innbyggjarane – og mot dei som har kome flyttande i det siste. I Distriktssenteret meiner vi at den langsiktige effekten av å satse på dei innbyggjarane ein har, er mykje viktigare for utviklinga av kommunen enn å prøve å skaffe fleire innbyggjarar. Det er lettare å lage ein kommune det er godt å bu i enn ein kommune som «alle» vil flytte til. Mitt ønskje er at kommunane i 2022 set seg realistiske mål for framtidig utvikling. Bruk statistikk og eigen kunnskap til å gjere gode val. Kan kommunen planlegge for vekst ein er trygg på at kjem, er det flott. Er ein usikker (noko det for mange kommunar er naturleg å vere), kan det vere betre for kommuneøkonomien å planlegge for å bremse befolkningsnedgangen enn å planlegge for ein vekst som ikkje kjem. «Vi skal vise fram jobbane og moglegheitene» Vi veit at mange ungdommar ser for seg ei framtid i Distrikts-Norge. Problemet er at dei ikkje har trua på at det er mogleg å få draumejobben i Distrikts-Norge. Ungdommens distriktspanel peikte i sine ti råd til framtidas distriktspolitikk på at dei må ha tilgang til jobbfellesskap, arbeidserfaring og varierte arbeidsplassar.