DEBATT: Dette er eit lesarinnlegg som gjer uttrykk for artikkelforfattarane sine meiningar.
Vi i organsiasjonen IOGT har ein sommarkampanje som heiter Fyll ferien. Då tenkjer vi på at ferien skal fyllast med gode opplevingar og ikkje med rus. Vi samarbeider med Vinmonopolet om denne kampanjen, der dei tilrår alkoholfri drikke som kan høve saman med ulike typar grillmat. I ei undersøking gjort av Opinion for IOGT i 2018 meinte 56 prosent av dei spurte av det vart drukke for mykje alkohol når born er til stades. Skal tru korleis prosenten i svara hadde vorte om ein hadde gjennomført ei ny måling i år? Sommarferien er ei tid der mange har forventningar. Då får ein gjerne høve til å gjere andre ting enn ein gjer saman elles i året. Alkohol er ei lovleg vare. Slik sett kan vaksne både kjøpe og bruke henne. Så er det kanskje lurt å tenkje litt på dette at borna merkar endringane i vaksne sin oppførsel etter rusinntak før dei vaksne kjenner seg berusa. Det kan godt hende du møter nokre frivillige IOGT-medlemer som står på stand i sommar. Slå gjerne av ein prat med oss, viss du ser oss. IOGT Region Midt-Norge oppmodar vaksne til å skape fine rusfrie sommardagar saman med born og unge. God sommar! Av leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes, IOGT Region Midt-NorgeKjelder: https://iogt.no/om-oss/hva-gjoer-iogt/kampanjer/fyll-ferien https://iogt.no/om-oss/hva-gjoer-iogt/kampanjer/fyll-ferien/anbefalinger-til-grillmaten Delta i debatten! Send ditt innlegg til [email protected]