KRONIKK: Dette er ein kronikk som gjer uttrykk for forfattarane sine meiningar.
Ein grunngjev dette med at storsamfunnet skal få meir av den verdien som vert skapt ved bruk av naturen i form av oppdrettslokalitetar. Denne grunngjevinga er misvisande, ettersom det er ein kombinasjon av produksjonsfaktorar som skapar desse verdiane og ikkje berre lokalitetane. Fleire produksjonsfaktorar er naudsynte for å produsere oppdrettsfisk. Her skal me kort skissere enkelte. Dei menneskelege ressursane, frå pionerane som utvikla næringa for eit halvt sekel sidan til i dag, er avgjerande. Her har det skjedd ei rivande utvikling. I dei tidlege anlegga var arbeidsstokken i stor grad karakterisert av ufaglærte arbeidarar. På oppdrettsanlegg finn ein i dag høgt kvalifisert personell som biologar, veterinærar og ingeniørar.
Teknologien, som er eit resultat av investeringar over tid, har gjennomgått fleire kvantesprang. Enkelt sagt har ein gått frå ein situasjon der fisk i merdar vart fora for hand til automatiserte fôringsanlegg styrt av dataingeniørar. Når det gjeld biologien, har avlsarbeid, betre for og utvikling av vaksinar effektivisert produksjonen.
Den utviklinga som her er skissert saman med tilgang på kapital og tilpassing i bedriftsstrukturen har over tid ført til ei kraftig effektivisering av produksjonen. Dette har vore heilt avgjerande for ekspansjonen i næringa. Eit sentralt poeng er at det er næringa sjølv i samarbeid med andre aktørar som i stor grad har vore ansvarleg for denne utviklinga.
Med dagens teknologi skjer mesteparten av oppdrett av laks og aure i sjø. Dermed er høvelege lokalitetar og ein viktig produksjonsfaktor.
Den store ekspansjonen av næringa ville heller ikkje vere mogeleg utan etablering av marknader som for 50 år sidan ikkje eksisterte. Det er næringa sjølv som saman med samarbeidspartnarar har utvikla marknadane slik at laks og aure i 2020 vert eksportert til 106 land. Det er og viktig å ha in mente at ein kvar marknad må kontinuerleg «haldast ved like» gjennom marknadstiltak.
med få eller ingen alternativ. Det er og i stor grad tale om ein «high tech»-industri, nettopp den type arbeidsplassar ein ynskjer for framtida. Kanskje skulle representantar for departement og Storting ta turen ut av Oslo for å lære litt om realitetane i oppdrettsbedrifter langs kysten? Kunnskapsnivået om denne framtidsretta næringa mellom dei som skal treffe avgjerder som påverkar framtida verkar lågt. Av Trond Bjørndal
Professor, SNF
[email protected] Ragnar Arnason
Professor, Universitetet i Island Denne artikkelen vart først trykka i Klassekampen.