Siste
- Korleis skulle ein ha oppført seg på fest viss ein ikkje kunne drikke alkohol? spør Hjørdis Almelid Vikenes og Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge i dette debattinnlegget.
DEBATT

Skal vi skape nye ritual?


DEBATT: Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for artikkelforfatternes synspunkter.


Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er ei spesiell vare. Denne væska kan medføre
avhengigheit. Det er det ikkje alle væsker som kan. Tenk på vatn eller jus til
dømes. Viss alkoholen var ei nyoppfinning anno 2022, trur du ho ville ha vorte
godkjent som ei salsvare? Eller ville ein ha tenkt at det er kanskje best at ho
ikkje vert selt?

Ja, vi kan sitje i rolege tider og tenkje på så mangt. For oss i IOGT som er ein
ruspolitisk organisasjon, så forheld vi oss til gjeldande lovverk naturlegvis. Men
- la oss no tenkje litt høgt i lag.

Korleis skulle ein ha oppført seg på fest viss ein ikkje kunne drikke alkohol? Kva
skulle ein ha gjort på? Kva gjer til dømes Juvente, ungdomsorganisasjonen til
IOGT, når dei har samlingar utan alkohol? Er det skilnad på det rusfrie
arrangementet og ei anna ungdomssamling med alkoholservering? Skjer det
andre hendingar viss alkoholen er ein del av selskapet? Korleis ville russetida ha
sett ut viss ingen russar hadde rusa seg?

Nei, kven kan vel spå om framtida. Vi får i alle fall arbeide vidare med det
haldningsskapande arbeidet vårt. Hvit jul-kampanjen til IOGT, eller kvit jul som
vi i IOGT Region Midt-Norge kallar aksjonen, er godt i gang i år. Kva handlar det
om? Jau, då oppmodar vi vaksne som er saman med born i dagane 23.-26.
desember å setje borna først, og ikkje drikke alkohol nett dei dagane. Kvifor
kjem vi med ei slik oppmoding i desember? Det gjer vi fordi statistikken viser at
mange barn og unge er uttrygge på dei vaksne dei har kringom seg når dei
vaksne nyttar rusmiddel.

Kva tenkjer du? Er det noko vits i å skape nye rusfrie ritual for framtida? Viss du
tenkjer ja, er det mange ruspolitiske organisasjonar som har plass til nye
medlemer. Velkommen skal du vere til å bli med i IOGT - og vere med på å
forme morgondagen for oss alle. Og om du vil støtte opp om kvite juledagar,
finn du aksjonen vår på  www.hvitjul.no. God kvit jul!

Av leiar Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes,
IOGT Region Midt-Norge


Gode tankar til dette lesarinnlegget fann vi hjå:
https://www.erlik.no/tenk-om-alkohol-ikke-fantes/

Hva tenker du
Flatangernytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.