DEBATT: Dette er eit debattinnlegg som gjer til kjenne innsendaren sine synspunkt.
Eit skriftspråk bygd på norske dialektar skulle dermed kunne nyttast av lærarar, prestar og andre. Nord-Trøndelag hadde vore avgjerande i kampen. Her låg dei første kyrkjelydane til å ta nynorsken i bruk, mange skolekrinsar tok nynorsk som sitt mål. Sjølve jamstellingsvedtaket var lansert av steinkjerbyggen Ole Anton Qvam, Overhalla-presten Vilhelm Andreas Wexelsen fekk det for alvor lovfesta i skolen i 1892. Den trønderske bokheimen er sterkt forankra i den nynorske skriftkulturen. Mykje sentral trøndersk litteratur er skriven på nynorsk – som den blir det i dag. Ei rekke kritikarroste nynorskforfattarar gjer kvart år den trønderske litterære verda stadig rikare, anten det er prisvinnande poesi av Erlend Skjetne, førsteklasses barnelitteratur av Kari Stai, eller internasjonalt anerkjente romanar av Carl Frode Tiller. Legg så til all den viktige faglitteraturen som blir skrive på nynorsk i Trøndelag. Då Steinkjer mållag arrangerte nynorskveka på Steinkjer vidaregåande skole i år, melde elevane at dei ikkje var klar over den breidda som fanst i nynorsk skriftproduksjon, kor viktig språket er i deira eigen region. Utan nynorsk ville tilverkinga av trøndersk kunst og kunnskap vore langt fattigare. Mange i Trøndelag har nynorsk som sitt bruksspråk i dag. Dei møter derimot knapt språket sitt i aviser eller kommunikasjon frå det offentlege, bedrifter eller organisasjonar. Vi oppfordrar alle til å komma dei i møte ved å skriva på nynorsk på nynorskdagen 12. mai eller nærmaste verkedag – som avis, barnehage, skole, bibliotek, parti, butikk, føretak eller frivillig lag. Ver med å feira det språklege mangfaldet og å heidra ein viktig del av trøndersk kulturarv! Av Øystein Lydik Idsø Viken, Steinkjer mållagRobert Øfsti, Steinkjer mållag
Jakob Bjerkem, Mållaget Sparbyggjen Delta i debatten! Send ditt innlegg til [email protected]