Siste
- Vil du vere influensar i godt lag? Ja, då har mange frivillige organisasjonar bruk for deg, skriv Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes IOGT Region Midt-Norge.

Er du ein influensar?


DEBATT: Dette er eit debattinnlegg som gjer uttrykk for artikkelforfattarane sine synspunktar:


I nynorskordboka.no kan vi lese at ein influensar er ein påverkar. Altså ein person som vil påverke nokon til noko. I daglegtale kan ein påverkar også verte omtalt som ein lobbyist. I fleire høve har vi sett at tidlegare stortingsrepresentantar kjem attende som påverkarar. Er du ein påverkar? Nyttar du sosiale media, eller ulike kanalar for å fremje ulike saker som opptek deg?


I så fall, tenkjer du at det er eit gode at vi har influensarar i Noreg anno 2023?

Vi i IOGT Region Midt-Norge tenkjer at det er positivt med folk som står for noko, og som kan seie meiningane sine på gode måtar i ulike kanalar. Difor driv vi haldningsskapande arbeid på rusfeltet. Vi ser dermed på oss sjølve som influensarar.

Vil du vere influensar i godt lag? Ja, då har mange frivillige organisasjonar bruk for deg. Meld deg inn - og påverk også i gjennom organisasjonslivet.

For oss iogtarar er det viktig å vere med å skape gode rusfrie møtestadar for folk i alle aldrar.

Ha ein fin vår - og hugs at det finst mange alkoholfrie drikkar!

Av leiar Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes IOGT Region Midt-Norge

Hva tenker du
Flatangernytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.