Flatangernytt
22 minutter lesetid

Livsglad og sprek kar i sitt nittiande år

Waldemar Larsen fylte 89 år rett før jul. Men lett til beins og med ein imponerande hugs, er han eit levande bevis på at alder berre er eit tal.

Det var veslejulaftan i 1936 at han såg dagens lys i Froan, ei øy-rekke nord for Frøya. Her budde han dei første leveåra sine på øya Værøy.

Den skal tidleg krøkjast som god krok skal bli

Han er son av Elise og Egil Larsen, og var eitt av de sju barna dei fekk saman. To søner og fem døtrer fekk dei, men to av jentene, tvillingjenter, vart fødd tre månadar for tidleg og livet deira stod ikkje til å redde.

Heime på stueveggen har Waldemar bilete av foreldra (nedst), oldeforeldra (ytst på kvar side) og tippoldeforeldra (i midten) sine.
Heime på stueveggen har Waldemar bilete av foreldra (nedst), oldeforeldra (ytst på kvar side) og tippoldeforeldra (i midten) sine.

Det var ei tid då barneflokkane var store. Og som Waldemar humoristisk formulerer det:

– Var det mange ungar, hadde det vore dårleg fisk-vêr.

No er det berre tre igjen av søskenflokken. Waldemar, broren Einar som bor i nabohuset på Vik og yngstesøstera Britt i Trondheim.

Livet starta altså på Værøya, før dei flytta til Halten, lengst nord i Froan, i 1942.

– Der var det mange tyskarar, det var jo krig i ordets rette forstand, fortel Waldemar.

Han var då snart seks år, og allereie då fekk han vere med og arbeide. Han fekk bruke øks, sag, hammar og tollekniv.

– Slire og kniv som hang på beltereima var obligatorisk, slår han fast.

Han meiner han var berre ein seks – sju år då han fekk vere med i fjøset og lære seg å hand-mjølke.

Barndomsminne. På biletet er mora nr. 2 til venstre, Waldemar lengst til høgre. Foto: Privat.
Barndomsminne. På biletet er mora nr. 2 til venstre, Waldemar lengst til høgre. Foto: Privat.

På flyttefot sørover og så nordover igjen

Då dei fem år seinare flytta til Austlandet, var han allereie godt røynt med praktisk arbeid. Faren som fekk jobb som sveiser og gardskar på ein gard i Kongsberg, og Waldemar var med og hjelpte til.

På Kongsberg var dei i fire år før bonden vart sjuk og forpakta bort garden til andre som ikkje hadde bruk for gardshjelp.

Ferda gjekk nordover att i 1951, denne gongen til Nossum i Levanger. Waldemar var klar for konfirmantundervisning, og han deltok i undervisninga i Alstadhaug kyrkje.

Det vart med ein snartur her, dei flytta på nytt allereie før undervisninga var ved vegs ende. Dermed stod ungguten konfirmant i Froan kapell på Sauøy der han også hadde vorte døypt.

Arbeidskar og militær

Etter konfirmasjonen var Waldemar klar for å starte vaksenlivet som full arbeidskar. Han heldt på med fiske-arbeid om sommaren og line-egning om hausten og vinteren. Han var ein havets mann.

Seinare skulle han «i kongens klede». Frå 20. juli 1956 til 29. januar 1958 var han stasjonert på Værnes flystasjon.

– Atten månadar i flyvåpenet var ei herleg tid, synest Waldemar.

Han starta tenesta med å vere med på lastebil og samle inn søppel, men då dei etterspurde soldatar til teneste på kjøkkenet, var han snar til å melde seg.

Han hugsar at dei laga risgrynsgraut kvar laurdag, og kan også avsløre at visse privilegium kom med å ha tenesta nettopp med matlaging som ansvarsområde.

– Om det var noko til middag som vi ikkje ville ha sjølv, til dømes røykt kolje, kunne vi gå ned i kjellaren og henta annan proviant, medgir han.

Arbeidet på kjøkkenet var allsidig, og dei hadde godt med hjelpemiddel, mellom anna ei potetskrellemaskin.

Etter militær-tenesta, fekk han seg arbeid på ein gard. På Byneset gjekk han i faren sine fotspor som gardskar og sveiser.

Kjekk ung mann klar for militærteneste.
Kjekk ung mann klar for militærteneste.

Da starta Flatanger-eventyret!

– I 1958 tok eg «lappen», då vart det køyring med traktor, liten lastebil og personbil, minnest Waldemar.

På Byneset vart han halvtanna år. I 1959 skulle han ha ein liten ferie før han skulle søke ny jobb. Ferieturen skulle gå til Flatanger der han skulle besøke Hermod Rasmussen som han hadde vore i lag med i militæret. Mens han var på besøk, fekk han spørsmål frå Hermods bror, Einar Rasmussen, om han kunne køyre lastebil nokre dagar. Han som skulle køyre, hadde nemleg vorte sjuk. Det svara feriegjesten ja til.

– Første dagen var det grusing på vegen utpå Kvaløysæter. Og da starta Flatanger-eventyret, smiler Waldemar.

Etter kvart vart det utviding av førarkortet til å omfatte drosje, lastebil over 7,5 tonn og buss. Dette dreiv han på med til desember 1964.

Klar for å reise jorda rundt, bilete frå passet.
Klar for å reise jorda rundt, bilete frå passet.

Då tok han ei pause fram til mai 1965 – han fór nemleg på jordomsegling med MS Bergensfjord! Ei reise Waldemar tok saman med Øyvind Græsbøl frå Rjukan som på den tida var lærar på Vik.

– Det kunne ha vorte mi siste reise, seier Waldemar ettertenksamt og lovar at han skal fortelje Flatangernytt sine lesarar om denne langturen ved ei seinare anledning.

Etter turen rundt kloden, var han attende i gammaljobben med bilkøyring.

– Åra gjekk. Og i 1968 vart eg og bondejenta Alfhild frå Løyøya i lag, fortel Waldemar.

Og i pinsa 1969, den 24. mai, kunne dei to feire bryllaup på Løvøya.

Helge, sonen som Alfhild hadde fra før, er fødd i mai 1957. I oktober 1969 vart han storebror til Wenche Anita. Så kom Alf Egil i november 1971 og til slutt Lise Elida i mai 1976. Waldemar fortel stolt om barneflokken på fire.

Dei kalla opp ungane etter familiemedlemmar. Wenche Anita etter Alfhild og han, Alf Egil etter bestefedrane, Lise Elida etter bestemødrene.

– Mor heitte Elise, men dei aller fleste sa berre Lise til ho.

Eige hus og nær familie vegg i vegg

Saman med broren Einar kjøpte han delar av den gamle skolen som hadde stått på Skjæret.

– Det vart sal på skolebygget. Einar og eg baud og så var det ein til som la inn bod, Peder Aspøy. Vi hadde like bod, men han trakk seg. Det var skiferen på taket han var interessert i. Så han fekk skiferen, og vi fekk tømmerkassa.

Dei sette i gang å bygge om og bygge på, og dei budde i lag i huset. Rett over vegen, hos Einar og Laila Rasmussen, flytta foreldra inn på slutten av 60-talet.

– Det var mykje arbeid. Og vi måtte merke nøye med bokstavar og tal då vi tok tømmerkassa ned, slik at vi skulle få sett ho opp riktig igjen. I tilknyting til den tidlegare skolestua bygde dei på kjøkken, soverom og loft.

I 1970-71 sette han opp huset han framleis bur i. Han køyrde bil på dagtid, og han snikra på kveldstid. Broren Einar bur framleis i nabohuset.

Omlag 1971-72 slutta Waldemar sjåførlivet, no venta ein ny karriere som snikkar på heiltid.

– Det er sunt å prøve forskjellig arbeid. Om ein berre gjer ein ting, veit ein ikkje om noko anna, meiner han.

Så derfor kasta han seg inn i noko nytt. Arbeidet med å snikre har det vore mykje av. Han kan ramse opp ei heil liste av stader der han har lagt ned arbeidstimar.

Saken fortsetter etter annonsen

– Av store arbeidsoppdrag kan eg nemne industribygget i Storlavika, fiskemottaket på Nesset, og så var det banken…

Og det har vore grisehus, siloar og silobygg, garasjar, utbygging av Vikskolen i fase 2, nytt fiskemottak på Vik, Einvikfisk i Nordstraumen, fjøsbygging, utbygging på aldersheimen, trygde-bustadar på Lauvsnes, bedriftsbygningar og reiskapshus – og sikkert enda meir, fortel den energiske handverkaren.

Han kan fortelje at han òg har restaurert ein del eldre hus, både inn- og utvendig.

– Ein god del nybygg har det vorte, både ferdighus og hus av laus-materiale som eg svermar mest for, legg han til.

Balkongar og uteplassar er også noko han har fleire av på merittlista. Den siste uteplassen vart ferdig hausten 2025- ei lita stund før han runda 89. Då snikra han heime til yngstedottera Lise.

Hausten 2025 var Waldemar på byggeoppdrag til dottera Lise og svigersonen Bjørn. Foto: Lise Hunnestad.
Hausten 2025 var Waldemar på byggeoppdrag til dottera Lise og svigersonen Bjørn. Foto: Lise Hunnestad.

– Det siste oppdraget i fjor haust, før vinteren sette inn, var ein balkong på 39 kvadrat. Vinters tid tar eg fri, i alle fall frå utearbeid. Eg har vorte kjælen, sju, humrar han.

Waldemar snakkar varmt om yrket han har hatt gjennom mange år. Han har arbeidd saman med mange forskjellige, i byrjinga med Kolbjørn Trefjord og Arnold Bakken. Seinare med mange andre, mellom anna Knut Ottesen og Reidar Estensen.

Handverket, presisjonen og det å gjere arbeidet skikkeleg, sit i ryggmargen.

Han er opptatt av at ein må vere nøye frå første arbeidstime når ein set i gang med eit prosjekt. Om ein ikkje er grundig då, plagast ein heile vegen.

Han synest at «snekkering» er eit allsidig og interessant yrke, og han fortel om prinsippet han har lagt til grunn i arbeidet sitt:

– Eg har gjort likeins til andre som eg ville gjort til meg sjølv.

Han gler seg over å få bringe kunnskap vidare. I haust nøgde han seg ikkje med å snikre til dottera. Nei, han hjelpte òg barnebarnet Brede som saman med sambuaren har kjøpt seg hus som dei restaurerer. Men her meiner han sjølv at han var meir som ein konsulent.

– Eg var med å skifta bordkleding på langveggen, men etterpå har Brede sjølv skifta på ein annan vegg, fortel han.

Ein rast må ein unne seg midt i arbeidsdagen. Foto: Lise Hunnestad.
Ein rast må ein unne seg midt i arbeidsdagen. Foto: Lise Hunnestad.

Å sjå nye plassar

Om livet har vore mykje arbeid, har han òg sett pris på å gjere andre ting. Å reise og sjå nye plassar, er noko han har hatt mykje glede av. Og han har vore glad i sjølivet. Eigen båt bygde han seg på Selsbakk båtbyggeri på byrjinga av 80-talet.

Waldemar med båten Ramona som han bygde sjølv. Foto: Privat.
Waldemar med båten Ramona som han bygde sjølv. Foto: Privat.

– Eg bygde ein cabincruiser av type «Selfa». På fabrikken bygde eg skroget, før eg frakta det heim og fortsette arbeidet. Det tok eit par år, for det var noko eg dreiv med på fritida.

Båten har vore mykje på fart i Flatanger-skjergarden.

Han og kona Alfhild var også mange gongar på tur til Puerto Rico på Gran Canaria. Ein gong var dei samla 20 personar frå Flatanger på same plass. Dei var ute og åt i lag.

– Det var litt av eit langbord!

Alfhild og Waldemar delte gleda ved å reise. Foto: Privat.
Alfhild og Waldemar delte gleda ved å reise. Foto: Privat.

Forutan alle desse turane og jordomseglinga attende på 60-talet, var han òg på ei annan sjøtur langt av garde – 32 år etter og med ein større båt.

– Betrand Høstland, Reidar Einvik, Alfhild og eg var på dansegalla- cruisetur i Karibia med SS Norway som på den tida var verdas største cruiseskip med over 2000 passasjerar om bord og mange hundre tilsette.

Saman med Bertrand Høstland og med Reidar Einvik som tok dette biletet, reiste Alfhild og Waldemar Larsen med verdas største cruiseskip.
Saman med Bertrand Høstland og med Reidar Einvik som tok dette biletet, reiste Alfhild og Waldemar Larsen med verdas største cruiseskip.

Dette var i 1997, og Waldemar fortel at skipet opphavleg hadde namnet «France». Skipet var som ein «flytande by» med restaurantar, butikkar, basseng, jacuzzi, frisørsalong. Ja, det hadde alle fasilitetar.

– Det var litt av ei jolle, gitt. 315 meter lang. Og det var den originale steam-maskina som stod i båten, forklarar han.

Ifølge Wikipedia ble skipet opphaveleg levert til det franske linjereiarlag Compagnie Générale Transantlantique, internasjonalt kjent som French Line. Seinare segla skipet i cruisefart i Karibia og Europa i perioden 1980 til 2003 under namnet SS Norway. I 2008 enda skipet sine dagar i India der det vart hogd opp.

Dei fire flatangringane var på dansebandgalla. Men Waldemar fortel at han sjølv ikkje er glad i å danse. Men å lytte til musikken derimot. Og for ikkje å snakke om å spele sjølv.

Dagleg gitarspel må til

For om han ikkje reiser så langt reint fysisk no, reiser Waldemar kvar dag ut i musikken si verd. Kvar dag finn han fram gitaren sin og set seg ned for å spele.

– Eg må halde fingrane i gang, veit du, seier han.

Han spelte saman med Paul Moe på 60-og 70-talet. Dei var musikarar på festar og bryllaup.

Paul Moe og Waldemar Larsen på mimrekvelden på Framheim i april 2015. Arkivfoto.
Paul Moe og Waldemar Larsen på mimrekvelden på Framheim i april 2015. Arkivfoto.

Waldemar fortel at han òg spelte saman med Øyvind Gressbø og med faren Egil og broren Einar fram til 1980-talet.

I 2015 hadde han comeback med speling på mimrekveld i Framheim der dei spelte gamle slagerar, frå 50- og 60- talet.

– Eg trudde ikkje det ville kome så mange, men Tone Eian var konferansier, og ho hadde dekt til 80. Men det kom over 140! Det var storartig!

Framleis speler han slagerane dei spelte på mimrekvelden, men han vil gjerne spele eit allsidig repertoar.

– Eg er glad i både gammaldans og moderne musikk, fortel han.

To gongar i veka, onsdag og laurdag, høyrer han på programmet «På dansefot», og sidan han speler på gehøret og ikkje etter noter, speler han med når musikken går over eteren.

Snaue tre timar til endes to gongar i veka. Men han speler dei andre kveldane i veka òg. Han fortel at han ein dag i fjor spelte fem timar i strekk, riktig nok med små pausar undervegs.

Han har eit rikt liv, Waldemar og set pris på å ha familien sin så nær.

– Det er Alf Egil av ungane som bur lengst unna, og han bur på Bangsund. Og Helge er jo nærmast, seier han om eldstemann som bur eit steinkast unna.

Det er bilete av barn, barnebarn og barnebarns barn i stua hans. Ja, endatil tippoldefar, er han.

Klarer du å halde styr på alle etterkommarane, spør Flatangernytt.

Ja, eg kan namnet på dei alle. Men eg hugsar nok ikkje alle bursdagane.

Men set pris på dei, gjer han i alle fall. For både hyllene og hovudet er full av minne om desse nære og kjære.

Waldemar trivst i Flatanger og er glad han har familien nært.
Waldemar trivst i Flatanger og er glad han har familien nært.