Flatangernytt
6 minutter lesetid

Januar fór som ein vind

Januar 2026 er no eit avslutta kapittel, og jo visst har vinden ruska i håret i løpet av årets første månad.

Vi har kjent vinden både til lands og til sjøs. Og vi som bur nedi fjæresteinane, kan kjenne på sanninga i orda Olav Duun ein gong skreiv om Folla i finvêret: Ho er blank no, Folda: berre helgedagen. Men du skal få sjå henne ein dag når ho snakkar alvor. Da er ho eit vaksemenneske.

Vindkast og – styrke

Reint statistisk har det ikkje vore dei verste vinddagane så langt i år. Mest vind fekk vi midt i månaden, den tolvte. På Buholmråsa fyr vart det verste kastet målt til orkanstyrke med 36,3 m/s denne dagen, ifølgje Yr.

Då får ein verkeleg kjenne vinden som eit fysisk fenomen, i den konkrete tydinga av ordet. Luft som er i meir eller mindre sterk rørsle.

Språket vårt er fullt av ord som fortel oss om både styrken og retninga til vinden. Vi kan lukke auga og sjå for oss ein kveld i linne sommarbris, og vi kan hutre oss over å tenkje på område rasert av øydeleggjande orkanar.

Det er lett å finne roa ein vindstille sommarkveld i Flatanger.
Det er lett å finne roa ein vindstille sommarkveld i Flatanger.

Vindfulle uttrykk

Vi snakkar om vêr og vind. Det er ein eigen kunst, dette å halde samtalen i gang om smått og stort. Men nettopp vêr og vind har som andre naturfenomen gitt opphav til mange språklege uttrykk og metaforar, eit ord som har mala fram dei finaste skildringar og eit arsenal av assosiasjonar.

For du kjenner vel uttrykket å ha vind i segla? Då har du framgang, det går godt. Og om du sjølv er som ein vind, er du både rask og effektiv.

Betre det enn å snu kappa etter vinden, då stør ein det som for tida er mest populært og bryr seg lite om å halde fast på eigne meiningar. Kanskje tenkte han noko liknande den slovenske forfattaren Zarko Petan då skreiv Når en ny vind blåser, bøyes tomme hoder først… Ja, mon det..

Eit meir arkaisk uttrykk er uttrykket så vind og hauste storm. Med det forstår ein å seie eller gjere noko tilsynelatande lite som får uventa negative konsekvensar.

Saken fortsetter etter annonsen

Å vere i vinden

Ein som derimot klarte å få noko tilsynelatande lite til å få store positive konsekvensar, var Olav H. Hauge. Han kunne kunsten å seie mykje med få ord, og mange er dei som set pris på diktinga hans. I diktsamlinga «Dropar i austavind» frå 1966 skreiv han

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.

For vi treng jo vind, vi treng noko eller nokon som gir både retning, fart og styrke.

Vår nyaste nobelprisvinnar i litteratur, Jon Fosse, har på si side skrive ei sterk dramatekst med namnet Eg er vinden. Teksten skildrar kor vanskeleg det er å finne orda når nokon vel å avslutte sitt eige liv.

Eit heilt anna uttrykk, er å vere i vinden. Og det kan ein trygt seie om Jon Fosse. Han er både aktuell og populær. For mens mange nyt ei kort stund i rampelyset, har han lenge vore ein verdsett forfattar. Allereie i 2001 fekk han statsstipend, og ulike prisar og utmerkingar har kome i hopetal heilt frå han fekk nynorsk barnelitteraturpris i 1989 til han vart krona med nobelprisen i litteratur i 2023.

Ein annan forfattar, ein av Noregs mest folkekjære, Hans Børli, skreiv i «Vinden ser aldri på veiviserne» i 1976:

Det finnes store skoger, ennå.
Og mjukt gras.
Og vind i verden.
Men prøv aldri å tyde
vindens språk;
da besmitter du den bare med deg selv.
Menneskenes sannheter er flettet av løgn,
legg dem ikke i vindens munn.

Eit dikt som knapt har vorte mindre sant femti år etter. Men før tankane mine drar vidare i alle vindar, avsluttar eg med eit utsegn frå den svenske forfattaren Gustaf Lindborg som kan vere godt å ta med seg inn i nye vindar, nye dagar og nye utfordringar:

Sjömannen ber inte om medvind, han lär sig segla.