Flatangernytt
7 minutter lesetid

Gustav vil gjerne fortsette i Flatanger

Gustav Danielsen er fungerande prost i Namdal. Snart er ein fast prost på plass, men tru ikkje at Danielsen då vil slutte å komme hit ut i havgapet.

Flatangernytt skreiv i desember om den nye prosten som skal starte i Namdal prosti 1. april, Sven Becker. Enn så lenge er det Gustav Danielsen som er fungerande prost, og han skal tene kyrkjelyden i Flatanger også etter at den nye prosten er på plass.

Vil halde fram som prest

Som pensjonist får Danielsen arbeidsavtale for eitt år om gongen. Han har no avtale ut juni 2026, og han vil halde fram som prest her i Flatanger når den nye prosten startar opp. Han slår fast at han gjerne vil fornye avtala når ho går ut.

– Eg vil svært gjerne fortsette som prest. Eg ser ingen grunn til å slutte så lenge eg kan halde fram og så lenge helsa er i orden, seier Danielsen.

Han er fødd i 1951 og er frå Steinkjer. No bur han igjen i barndomsbyen. Han fortel at han flytta attende dit etter at han i 2012 vart prost på Stiklestad, ei stilling han hadde fram til 2022. Før han starta som prost, hadde han vore sokneprest sidan 1986.

– Eg var bygdeprest på Frosta og i Åsen. Å vere her i Flatanger er om lag på same måte, ein kjem tettare på folk som prest enn ein gjer som prost.

Om han hadde måtte velje prost eller prest, ville prestegjerninga vore valet, fortel han.

– Eg trivst på eit vis betre som prest. Eg liker det å vere med og skape relasjonar. Som prost «svever du meir over vatnet», ein skal få ting til å skje. Men det er absolutt interessant det òg, legg han til.

Vanskeleg å rekruttere inn i prestegjerninga

Det er vanskeleg å rekruttere inn i prestestillingar, men i tida han har vore prost i Namdal har dei tilsett to prestar.

– Ei av dei hadde lokal tilknyting sidan kona hennar er frå Høylandet, den andre hadde ingen tilknyting til Namdalen frå før.

Danielsen fortel at det blir utdanna for få prestar i forhold til kor mange som når

Saken fortsetter etter annonsen

Korleis bli prest?

  • Hovudvegen til å bli prest er å ta profesjonsstudiet i teologi, eit studium som tek seks år og innheld 360 studiepoeng.
  • Ein kan óg bli prest utan å ta profesjonsstudiet i teologi. Då er kravet utdanning på masternivå, og i eller utanfor graden må ein ha minst 120 studiepoeng med teologiske fag. Minst 30 av desse må vere på masternivå. Ein må også ha ettårig praktisk-teologisk utdanning.
  • Fleire lærestadar tilbyr erfaringsbasert master i teologi som byggjer på ein bachelorgrad kombinert med noko yrkeserfaring. Dette er aktuelt om du har ei anna grunnutdanning og vil ha fylt 35 år når du søker ei stilling.

pensjonsalderen. Dette gjeld overalt i Noreg, og det er sett i gang tiltak for å rekruttere fleire, mellom anna med eit alternativt og kortare utdanningsløp (Sjå faktaruta).

Sjølv tok han teologisk embetseksamen i 1977 og praktisk-teologisk eksamen året etter ved Det teologiske menighetsfakultetet.

Har vorte godt tatt imot her i Flatanger

Steinkjerbyggen trivst godt med både dei tilsette og kyrkjegjengarane i Flatanger.

– Eg har vorte tatt godt imot i Flatanger, både av kyrkjelyden og av staben. Flatanger er ein triveleg stad å komme til og ein triveleg stad å vere, meiner han.

Han starta opp med konfirmantarbeid i Flatanger for tre år sidan, først i samarbeid med ein prestevikar. Nettopp arbeidet med dei unge konfirmantane, er noko han set stor pris på.

– No har eg hatt konfirmantundervisninga her i tre år, og eg må seie at det er usedvanleg greie ungdommar her!

Han seier at flatangerungdommane for han har skilt seg positivt ut. Han oppfattar dei som interesserte, høflege og ordentlege, og han vil gjerne halde fram med dette arbeidet også framover.

Bispevisitas i vår

Enn så lenge er han altså fungerande prost, og han er nett no i gang med å planlegge ein bispevisitas i Flatanger, Namdalseid og Statland som skal vere i april, nærmare bestemt 21. – 26. april.

– Det er prosten som førebur desse visitasane, så eg held på med det no. Når visitasen skal gjennomførast, er den nye prosten på plass, men eg vil vere med som lokal sokneprest. Vi kjem attende med meir informasjon om dette, avsluttar han.

Gustav Danielsen vil gjerne halde fram som prest i Flatanger. Foto: Ole Morten Olufsen/Midtre Namdal kirkelige fellesråd
Gustav Danielsen vil gjerne halde fram som prest i Flatanger. Foto: Ole Morten Olufsen/Midtre Namdal kirkelige fellesråd