Dugnadsglede på glattisen
Kom og bli med på dugnad, appellerer Alf Magne Hanssen. Han er ein av fleire som har nytta den fine glattisen til dugnadsarbeid på Vik dei siste dagane.
For dei må smi mens jarnet er varmt, eller rettare sagt mens isen er kald.
Effektiv og tidssparande frakt
Det er dugnadsgjengen som jobbar med stien rundt Vikvatnet som held seg varme med dugnadsarbeid.
For no når det går an å «gå på vatnet», går det langt fortare å få materiala frakta over frå basen ved badeplassen til dei ulike stadene dei skal leggje nye bruer.
Mens dei i sommar og haust måtte frakte med handmakt og med den vesle elektriske trillbåra dei fekk kjøpt, er det no altså isvegen som gjeld.
Flatangernytt tok skøytene fatt fredag og fekk sjå mange småstasjonar med materiale fint fordelt langs vasskanten.

Men det er mang ei vending og mykje å frakte. Alf Magne var i full gang med lasting og stropping fredag, og vil altså gjerne ha hjelp laurdag.


Vi startar opp ved 11-tida laurdag, så det er berre å komme, seier han med ein noko underleg farkost ved sida av seg. Fint dandert på eit par langrennski ligg materiala klare.
Tidlegare på dagen hadde dei hatt førre transportetappe. Tove Estensen var ein av deltakarane, og under ser du ein filmsnutt ho filma undervegs i dugnaden.



