Kreative uttrykk og stor skaparglede
Denne veka har barn og ungdommar i Flatanger, under kyndig rettleiing av Eivor Hagerup, hatt workshop i teikning og måling. Og visst har det gitt gode resultat!
For å komme inn på den kreative verkstaden, er verkeleg flott!
Her sit dei unge, frå begge dei to skolane i kommunen, og arbeidar på tvers av alder og med eit mangfald av kunstnariske uttrykk.

Viktig at kvar og ein får bestemme sjølv
Og nettopp dette mangfaldet, denne allsidigheita, er det rettleiaren vil hente fram.
– Eg vil at dei skal velje motiv sjølve, så rettleiiar eg kvar og ein ut frå der dei er, forklarar Hagerup som for andre gong er invitert inn av Flatanger kommune for å dele av kunnskapen sin.

Arbeidet starta derfor med at kvar av deltakarane måtte ta eit val om kva motiv dei ville jobbe med. Dei leita i bøker, såg på kunstverk og sveipa innom Internett for å finne inspirasjon.
Å utforske ulike teknikkar
Ikkje berre motiva viser eit mangfald. Her er mykje ulikt å sjå også når det gjeld fargeval, teknikkar og utsnitt. Dei brukar penslar, men også svamp.

Kvar og ein har fått utdelt staffeli og lerret, og alt er lagt til rette for å få eit godt utgangspunkt for arbeidet.

Fagleiar for kultur, Nina Bendiksen, møtte deltakarne med mat og drikke slik at dei fekk ei velfortent pause etter skolen før det skapande arbeidet kunne finne stad. For mett og opplagt må ein vere, skal ein få til å skape noko.
At dei fekk til mykje på desse to ettermiddagsstundene, er heilt sikkert. Og fagleiaren kryssar fingrane for at publikum kan få sjå bileta på utstillinga på UKM.
– Her er det mykje fint, så det må då bli med bilete til utstillinga i år, smiler ho.




