Flatangernytt
4 minutter lesetid

Les nynorsk på nynorskdagen – og alle andre dagar!

12. mai er nynorskdagen!  Dagen då vi feirar jamstillingsvedtaket frå 1885 der det vart vedteke å «sidestille det norske Folkesprog» med «det almindelige Skrift- og Bogsprog», det som i dag er skriftspråka nynorsk og bokmål. Dagen då vi gler oss over at meir enn 140 år etter jamstillingsvedtaket, er nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen.


DEBATT: Dette er eit debattinnlegg som gir uttrykk for innsendaren sine meiningar.


Den nynorske litteraturen er stor og rik, og det kjem stadig til nye, gode nynorske forfattarar. Dette er eit teikn på ein livskraftig skriftkultur.

Vi i Trøndelag har nokre av dei fremste i laget både av nolevande forfattarar og klassikarar vi ikkje gløymer!

Av dei tre finalistane til LOs litteraturpris 2026, finn vi to briljante skribentar frå Trøndelag. Carl Frode Tiller frå Namsos med Arbeidarhjerte1 og 2 og Guri Idsø Viken frå Overhalla med Krakk. Ein pris som LO på si eiga heimeside fortel at blir delt ut til verk som utmerkar seg ved å gi auka forståing og innsikt i levd liv i arbeidarklassa, gjennom god formidling og høg litterær kvalitet. Prisen blir delt ut under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer 3. juni, så er du snar, rekk du å få ein smakebit før vinnaren er kåra.

Ein som blir feira gjennom heile året, er forfattaren Olav Duun frå Jøa. I år er det 150 år sidan han kom til verda, og jubileet blir feira mange stadar i Noreg. I Trøndelag kan vi sjå fram til mellom anna Olav Duun-stemne på Jøa frå 19. – 21. juni og Olav Duun-konferanse på Nord Universitet i Levanger 23.-24. september. Og tru endeleg ikkje Duun er utdatert. Krafta i skildringane både av menneske og natur står seg framleis, og i Duun-året 2026 er det tid for å lese – og gjenlese Juvikfolke og Medmenneske.

Saken fortsetter etter annonsen

Ingen ting stikk så kvast som odden av ein ny tanke, sa Olav Duun, noko som manar oss til også å lese nye verk. Verk som utfordrar, utforskar og sår frø til nettopp nye tankar.

Kva med å utforske Dordi Strøm frå Hitra sin sterke og sanselege roman Odel? Eller kanskje du vil kaste deg over ei sprek diktsamling om datingkulturen av Trondheimsforfattar Kari-Anne Bye, Eg et før eg kjem? Om du vil ha Risvollan burettslag som bakteppe, kan du velje melhusbyggen Erlend Skjetne si Svart skissebok om ei handfull menneske på skuggesida.

Mange fleire titlar kunne vorte nemnt. For bøkene er mange – og mangfaldige. Men dei har til felles at dei er skrivne av trønderar – og dei er på nynorsk! Valet er ditt, men oppfordringa får du no:

Les nynorsk på nynorskdagen – og alle andre dagar!


DELTA I DEBATTEN: Send ditt innlegg til redaksjonen@flatangernytt.no