Vårens vakraste eventyr
Onsdag var det klart for den årvisse vårkonserten til kulturskolen. Og som vanleg var det mykje å gle seg over.
«Jeg velger meg april», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson for meir enn 150 år sidan.
Det hadde også kulturskolen gjort når dei inviterte publikum inn til samfunnshuset denne tidlege april-ettermiddagen for å vise fram kva dei hadde øvd på gjennom vinteren.

Og slik våren byr på fargar og glede, slik var det også her.
Vi fekk høyre alt frå slagerar som Love is all around til klassiske toner som Für Elise, og elevane trakterte ei rekkje instrument i tillegg til at vi fekk fleire song-innslag.

Variert program
Heile 18 sceneinnslag fekk publikum servert, og konferansierane Erle Aakvik Olsen og William Storø Høstland loste forsamlinga godt gjennom ei drøy time med sang og musikk.
Nokre av artistane har vorte drevne etter fleire år med kulturskolekonsertar, mens det for dei ferskaste scenekunstnarane nok var ekstra sommarfuglar i magen.

Det var 24 barn og ungdommar som opptrådte. Stella og Liza serverte Årets siste bad, mens Synne, Alma og Vilde inviterte til Siste dans.

Kosthaldsråd
Lytta ein godt, kunne ein og få gode råd om kosthald. Råda var rett nok i litt ulike retningar, for der Iben på si side tilrådde Fisk og brokkoli, slo blåsegruppa eit slag for Chips og popcorn.

Mange andre artige titlar stod også på blokka. Innslaga hadde namn som Pulsen slår, Dykke fra et skjær og Den trøtte lama.

Ordførar Olav Jørgen Bjørkås deltok tradisjonen tro og gav ros til dei unge utøvarane. Han kunne avsløre at han hadde vorte utfordra av Kristin Einvik til å lære seg å spele trommar.
Han gav ingen løfter om å ta utfordringa, men fortalde at han sette pris på at det i år var eit eige tromme-innslag.

– Eg oppfordrar òg alle som er med i kulturskolen om å bli med på UKM neste gong, sa ordføraren.
Om det ikkje var nok at alle kulturskoleelevane hadde øvd inn kvar sine innslag, fekk vi høyre eit fellesnummer til slutt. Vamps Månemannen var siste låt.

For å få eit vellukka arrangement, må ein ha ein stødig arrangør-stab. Kulturskolelærarane Kristin Einvik og Jonas Finanger hadde fått med seg erfarne hjelparar i Gro Seltveit og Morten Kristiansen.
– Du er ei av dei som vore med lengst og har mykje erfaring, Gro, sa ordføraren då dei saman delte ut roser til alle aktørane ved vegs ende.
Sikkert er det i alle fall at alle involverte saman drog i land eit vellukka arrangement. Det er berre å gle seg til neste gong!




