Tid for å telje små fjørkledde vennar
Neste helg, laurdag 25. og søndag 26. januar, er det igjen tid for den store hagefuglteljinga som alle som vil, kan delta på. Flatangernytt har snakka med nokre av dei som var med på fjorårets teljing.
Kvart år tel nemleg fugleinteresserte over heile landet dei fuglane som kjem innom foringsplassen deira ei spesifikk helg. Det er 17. året på rad at tusenvis av norske hagar skal undersøkast av fuglevennar.
152 artar sett i Noreg i 2024, 29 av desse i Flatanger
Under fjorårets hagefuglteljing vart totalt 505 567 individ og 152 arter talde på til saman 10 429 foringsplasser. Av desse var det 594 individ og 29 artar som ble obsevert på dei 13 foringsplassane i Flatanger.
Held kjøttmeisa stand?
Ifølgje BirdLife har kjøttmeisa vore den mest vanlege hagefuglen sidan hagefuglteljinga starta opp i 2008. No er det knytt spenning til om ho kan få konkurranse av blåmeisa.

Også i Flatanger var det kjøttmeisa som trona på topp i 2024-teljinga slik han har gjort det i alle åra før òg. I 2024 deltok 13 flatangringar med registrering, og kjøttmeisa var å finne på alle desse observasjonspostane.
Eit bilete av utviklinga over tid
Ole Martin Dahle er ikkje uventa å finne blant dei som talde fuglar i fjor. Han synest det er mentalhygiene å sitje og sjå på desse medskapningane.

Han finn det òg interessant å sjå variasjonane over tid, for å få eit innblikk i korleis populasjonane endrar seg. – Det er jo eit stort naturtap og mindre fugler å sjå, peiker han på. – Hagefuglteljinga er med og gir BirdLife ei oversikt over utviklinga blant fuglar over tid.
Organisasjonen Ole Martin viser til, BirdLife Norge, er ein frivillig naturvernorganisasjon med hovedvekt på fuglar og fuglevern. Organisasjonen vart stifta i 1957, og heitte Norsk Ornitologisk Forening (NOF) fram til 2021.
Organisasjonen står altså bak dei årlege hagefuglteljingane som alle kan bli med på. Same helg tel også våre naboar i dei andre nordiske landa, så til saman utgjer desse dugnadene eit stort talmateriale.

På foringsplassen hos Ole Martin og kona Wenche, er det besøk av mange ulike artar. Her kan ein sjå granmeis, kjøttmeis, svartmeis, toppmeis, dompap, blåmeis, nøtteskrike, spettmeis, stær, grønfink, pilfink, gråsporv, bjørkefink, trekrypar, kråke, skjor, flaggspett og sporvehauk.

Også hos Ole Martin var kjøttmeis den mest talrike arten i 2023, men i fjorårets teljing heime hos han og Wenche, var det grønfink det var flest av.
Tøffe skapningar som trassar vêr og vind
På Utvorda gard hos Trude Langstrand og Øivind Strøm er dei også glade for besøk av fuglane ved foringsbrettet.
– Eg og Øivind er generelt svært interesserte i dyreliv og at det skal vere eit mangfald av dyreartar, fortel Trude.
Ho fortel at dei legg ut mykje mat av ulike sortar til fuglane, slik at sannsynlegheita for at så mange artar som mogleg kjem på besøk.
– Vi har foringsplassen rett utanfor kjøkkenglaset og dagleg følgjer vi med på dei søte, små og tøffe skapningane som trassar vér og vind, forklarar ho, og legg til at dei synest at det er givande å lære namna på så mange artar som mogleg og at det også kan skje at dei oppdagar fuglar dei ikkje er kjende med frå før.
At ein på enkelt vis kan bidra til at forskarane får talmateriale til å seie noko om korleis fuglelivet utviklar seg, synest dei to er bra. – Det er morosamt å vere delaktige i forsking og kartlegging, og spesielt no når fleire artar er i tilbakegang.

Som til Ole Martin og Wenche på Lauvsnes, kjem det mange ulike fuglar også til foringsplassen på Utvorda gard. Her plar det dukke opp kjøttmeis, pilfink, blåmeis, dompap, granmeis, grønfink, gulsporv, spettmeis, kråke, skjor, og ein sjeldan gong har dei hatt besøk av sidensvans og snøsporv.
Foringsplass over tregrensa
Ein kar som ikkje nøyer seg med å observere frå kjøkenglaset, er Frode Morken. Han talde i fjor på Vardeheia, 350 meter over havet, og han trur han skal vere der under hagefuglteljinga i år også.
– Eg har fire faste foringsplassar, fortel han. – På Vardeheia, ved Krokvatnet og i Østvika ved Jøssundfjorden, i tillegg til ein plass i Trondheim. Det blir mange kilo med fuglefrø som eg ber med meg til foringsplassane, men vi må jo passe på dei fjørkledde, meiner han.

For omlag ei veke sidan, hadde ein stor flokk med grønfink på besøk på Vardeheia som ligg over tregrensa.
– Eg talde 30 grønfink der, fortel han entusiastisk. Under hageteljinga i fjor, observerte han 15 av same art, og han er spent på kor mange som kjem under årets teljing.

Han kan fortelje at han også har sett dompap, kjøttmeis, blåmeis, granmeis, svartmeis, toppmeis og nøtteskrike under teljingane på Vardeheia. Dei åra han har telt på garden heime på Oppland, har han i tillegg notert gulsporv, bjørkefink og skjor.

– Eg har vore interessert i fuglar sidan tiårsalderen, fortel Frode. Interessa har han framleis, og han synest det er triveleg å ha fuglane rundt seg. Han peiker på tre grunnar til at han er med på dugnaden med å telje fuglar kvart år. – Eigeninteresse, for fuglane sin del og for forvaltninga sin del.
Ein redusert fuglebestand
– Kanskje er vi menneska skuld i at fuglebestanden er redusert, undrast Frode. – Det er tap av natur og endra bruk av naturen, og ein ser spesielt blant trekkfuglane at talet går ned. Det gjeld også for standfuglar, og nedgangen er eit signal om ei økologisk ubalanse, meiner han.
Sjølv prøver han å gjere ein innsats for fuglane med å mate dei. – Å mate fuglane om vinteren kan vere med og auke overlevelsesraten og dermed påverke hekkinga om våren positivt.

Han meiner det er mange grunnar til at menneskeleg aktivitet verkar på fuglebestanden. – Klimaendringane kan vere med og påverke artssamansetjinga, og tapet av natur kan i tillegg gjere at talet på artar blir redusert, legg han til.
Helge har vore med på hagefuglteljinga sidan oppstarten
Helge Staven har vore med på hagefuglteljinga kvart år sidan starten i 2008. Første året var det berre han og Anneke Vastenhouw som deltok i Flatanger.
I statistikken finn vi mykje informasjon om observasjonane hans. Til dømes at han det første året hadde 25 gulspurv innom foringsplassen på Vangan og at den einaste arten som han har sett kvart år, er skjora.

Han synest det er viktig å skape interesse for fuglar spesielt og naturen generelt og å lære ungane om natur og naturvern. – Om ein kan litt om fuglar og plantar, smitter interessa over til å ville lære meir om natur og ubevisst søker ein meir kunnskap, meiner han.
Sjølv har han fleire gongar hatt med skoleklasser ut for å sjå og lytte på fuglane. – Vi har gått i slutten av mai, då er songen mest intens, fortel han. Han synest desse turane har vore givande og deltek gjerne igjen.
Også heime har han vore opptatt av å vidareformidle naturglede og interesse til eigne barn, og er glad for at interessen har gått «i arv». Hagefugltellinga er ein enkel måte også for andre å få i gang interessen for fuglar, meiner han.
– Det er ein aktivitet ein kan gjere saman med ungane. Det er berre å setje av eit par timer ved stueglaset laurdag eller søndag morgon under teljinga.
Sjølv har han lært om fuglar mest av alt ved å vere ute og sjå og høyre, og han brukt fuglebøker og ulike nettstader. – No er det så enkelt å finne ut kva art ein ser og høyrer, det er så mange gode gjenkjenningsappar, understrekar han og legg til at alle som skal ha med ungar ut for å sjå og høyre på fuglane, bør han ein slik app.

Ei kjelde til fuglekunnskap, er Nord Universitet sine nettsider. Her kan ein lære mykje artskunnskap og teste kor god ein er til å kjenne dei ulike artane. Sjølv har hatt tatt eksamen gjennom BirdID for omlag ti år sidan då han kvalifiserte seg til i norsk hekkefuglovervåkning, eit landsdekkande nettverk for å måle endringar i hekkebestandar for landlevande fugl.
Men no er det altså hagefugltellinga som står for døra først. Han er opptatt av all kunnskapen ein samlar gjennom dette feltarbeidet. – Ein må ha tal for å seie noko om korleis situasjonen er og kva som skjer med dei ulike bestandane. Om ein ikkje har tal, blir det synsing, slår han fast.
Frå eit år til eit anna, kan mattilgang og frøår vere faktorar som påverkar kva arter ein ser. – I år er det til dømes mykje gulspurv her, men det er ein art som har gått mykje attende, fortel han.
– Men generelt er det ein katastrofal nedgang, fleire artar har gått tilbake 70-80% sidan 80-talet og det er berre førti år sidan, seier Helge engasjert.
Han peiker på mange og samansette årsakar som endra bruk av areal, overfiske, at Sahara aukar i omfang og at klimaet er i endring.
– Og fuglane er ein indikator på miljøet, dei blir ikkje begrensa av korkje landegrensar eller hav slik pattedyr kan bli. Dei tek pulsen på miljøet. Tala viser realiteter, så får dei som styrer, avgjere korleis vi skal forholde oss til tala, konkluderer han.
Sjølv skal han også i år bidra til at talmaterialet blir så godt som mogeleg, og han oppfordrar andre til å delta.

Enkelt å delta
Det er enkelt å bli med på teljinga, ein skal rett og slett telje dei fuglane ein ser ved foringsplassen eller i hagen. Sjå faktaruta under om du har lyst til bli med.
Passar ikkje helga? Fortvil ikkje, du kan velje ein dag i veka før eller etter (fra 20. januar til 2. februar).
- Tell fuglene du ser ved foringsplassen eller i hagen din. For hver art skal du rapportere det høyeste antall du har observert samtidig av den arten i perioden du teller. Lag en liste og sett tellestreker. Du bestemmer selv hvor lang tid du bruker, men en times tid bør være et minimum.
- Du trenger en brukerkonto for å legge inn observasjoner. Er usikker på om du har en konto allerede, kan du teste glemt passord . Har du ingen brukerkonto registrerer du deg her .
- Når du logger deg inn oppretter du først et område. Det er den plassen du har observert fuglene. Husk også å merke av denne plassen på kartet som kommer opp.
- Når du har registrert området vil skjemaet for registrering av hagefuglene komme opp. Velg artene og fyll ut de feltene som er der. Etter at du har valgt «registrer» vil du få spørsmål om du vil legge inn evenutelle bilder.



