Ser du månen?
Ein kan vel ikkje unngå å sjå opp mot den vakre månen desse stille adventskveldane?
Denne runde kula som lyser opp himmelen nattetid er opphav til språklege uttrykk og fantastiske fantasiar. Månen har gitt uendeleg med inspirasjon til mang ein kunstnar. Men lyser sjølv, gjer han jo ikkje. Månen er synleg frå Jorda fordi han reflekterer lyset frå Sola.
I ny og ne
Det er nesten fullmåne i kveld, det tidspunktet då heile den solbelyste sida av månen kan sjåast frå Jorda. Men no i helga er månen minkande. Han er i ne.
Fredag 5. desember, rett over midnatt, var han heilt full. Og neste gong du kan gle deg over å sjå fullmånen, er rett inn i det nye året, på formiddagen den 3. januar.
Uttrykket «i ny og ne», som vi kan omsetje til «no og då» eller «frå tid til anna», kjem av desse to ytterpunkta i månesyklusen. Ne når han er full, ny når han er – ja sjølvsagt ny. Dette lærte vi allereie i første klasse, hugsar eg. Ne når måneryggen vende seg i same boge som ein e, ny når krumminga var som i y-en.
Ser du sola, du Ola?
Ser du månen, du Per ?
Sa vi samstemde i kor når vi lærte om nettopp månen.
Merkedagar og varulvmerke
Månen har alltid påverka menneska sine liv på ulike sett. Reint fysisk med regelfast skifting i vasstanden i havet frå flod til fjøre og sjølvsagt ved å bringe lys inn i mørke nattetimar.
Men månen bidreg med mykje meir. Det er berre å tenkje på ordet månad. Ein månad er jo tida månen bruker på omløpet rundt Jorda. Og i kalenderen bruker vi omgrepet om eit heilt antal dagar som er ei tilnærming til denne omløpstida.
Månen har gitt namn til den første dagen i veka, måndag, og han er også med og bestemmer når vi skal ha høgtidene våre. Til dømes blir datoen for første påskedag sett til første søndag etter første fullmåne på eller etter vårjamdøgn.
Dette vart bestemt allereie i år 325 evt, på kyrkjemøtet i Nikea. For fullmånen kan ein stole på.
Men før trudde folk òg at fullmånen kunne omskape nokre menneske til varulvar. Mange filmskaparar har sørgt for klingande mynt i kassa ved å feste spennande varulv-forteljingar til lerretet. Om varulven hadde vore ute på nattetid, sat sårmerka i offera som synlege vitnemål på dagtid då varulven igjen hadde fått att menneskeforma si.

Mannen i månen og mannen på månen
Ein annan skikkelse som ein forbind med månen er mannen i månen, månemannen. For kan det ikkje sjå ut som eit andlet der på måneoverflata?
Vamp har sin berømte «Månemannen», Kjetil Bjørnstad spelte inn plata «Musikk for ei lang natt» med komposisjonen «Mannen i månen». Og det er filmar og bøker – alle inspirerte av denne mannen.
Det er nok mange som har kikka opp mot stjernehimmelen og ønskt å setje foten sin på månen. Som Frank Sinatra sang det;
Fly me to the moon
Let me play among the stars
Let me see what’s spring is like
on a Jupiter and Mars
20. juli 1969 landa dei første astronautane på Månen, og Neil Armstrong kunne seie dei kjende orda om at det var eit lite skritt for eit menneske, men eit gigantisk skritt for menneska.
Enno finst også dei som meiner at heile månelandinga er oppspinn, for konspirasjonsteoriar er det nok av.
Store norske leksikon er ei sikrare informasjonskjelde, og her kan ein lese at det til no har vore seks bemanna romferder som har landa på Månen.
Ein måne – og 82
Ja, dei har landa på Månen med stor M. Som er namnet på «månen vår», månen som i gjennomsnitt bruker 27 og en tredels dag på ein runde rundt Jorda. Denne månen som har gitt namn til dei andre månane.
Og mens vi har denne eine månen, har Saturn heile 82! Med all vår menneskelege fantasi er det kanskje bra vi ikkje har alle dei å sjå opp mot på seine vinterkveldar.
Kjelder: Store norske leksikon og Time And Date.



