Flatangernytt
3 minutter lesetid

Rosa sløyfe-marsj vel gjennomført

Med seks-sju varmegradar og gråvêr som kulissar, lyste eit lite tog med trimmarar opp søndagen.

For også i år møtte folk opp for å delta i Rosa sløyfe-marsjen på Lauvsnes. Mellom tjue og tredve trimmarar deltok.

For store og små

Både store og små møtte opp, frå dei som satt i barnevognar til godt vaksne. Ja, det var til og med eit par hundar på den viktige søndagsturen.

Her er deltakarane akkurat i gang med søndagsturen.
Her er deltakarane akkurat i gang med søndagsturen.

Mange av deltakarane var med heile vegen frå Lauvsnes skole til Løyøybrua og attende, mens nokre kom på undervegs på turen.

Gry Hanssen som er initiativtakar også i år, er fornøgd med at mange også i år prioriterte å ta turen.

Fornøgde deltakarar ved Løvøybrua. Foto: Gry Hanssen.
Fornøgde deltakarar ved Løvøybrua. Foto: Gry Hanssen.

– Det er flott at folk kjem og deltek, smiler ho.

Gry Hanssen var fornøgd med oppmøtet søndag.
Gry Hanssen var fornøgd med oppmøtet søndag.