Flatangernytt
4 minutter lesetid

Ønsker velkommen til Rosa sløyfe-marsj

Søndag inviterer Gry Hanssen store og små til ein viktig søndagstur. Ein tur for å markere Rosa sløyfe-månaden.

I fleire år har Gry vore intitiativtakar til Rosa sløyfe-marsj, så også i år.

For framleis er vi i «den rosa månaden», månaden som kvart år er vigd til å auke kunnskapen om brystkreft, spre informasjon og vise solidaritet med dei som er ramma.

Det er designar-sløyfer, Rosa sløyfe-løp, loddsal, hus som blir farga rosa. Ja, eit stort og kreativt engasjement både i Noreg og i andre land. For Rosa sløyfe er ei internasjonal rørsle som kvart år finn stad i oktober.

Her i Flatanger har marsjen ut mot Løvøya vorte ein tradisjon. Uansett vêr.

I ruskete vêr

For mens det i 2022 var Rosa sløyfe-marsj i nydeleg oktobervêr, kan ein ikkje seie det same om 2024. I fjor var det nemleg nokså ruskete da deltakarane la i veg på turen, fortel primus motor Gry Hanssen.

– I fjor gjekk vi i villrokket ein ettermiddag, minnast ho.

I år satsar ho på å få med seg folk på spasertur på dagtid. Og vêrmeldinga ser ganske lovande ut.

Litt regn kan det sjå ut til at det blir, ifølgje Yr, men vindforholda ser bra ut med lett bris frå aust.

I 2022 gjekk Rosa sløyfe-marsjen i strålande sol. Foto: Gry Hanssen.
I 2022 gjekk Rosa sløyfe-marsjen i strålande sol. Foto: Gry Hanssen.

Gå så langt du vil

– Vi startar ved Lauvsnes skole, og vi går i retning Løvøybrua, fortel Gry.

Dei som vil, blir med på heile turen, men det er opent for alle, anten ein vil gå kort eller langt.

Saken fortsetter etter annonsen

Deltakarane bruker også å vippse ein valfri sum til Rosa sløyfe-aksjonen.

Til minne om Sissel

Gry har arrangert marsjen fleire gongar før.

– Eg trur det er fjerde eller femte gongen no, meiner ho.

Eit lite dykk ned i Flatangernytt sitt arkiv viser at det var i 2020 den aller første marsjen gjekk. Turen gjekk da frå Vågan til Løvøya.

Intitiativet til denne første marsjen tok Gry for å minnast Sissel Aakervik som døydde av brystkreft.

– Sissel betydde mykje for mange. Derfor ville eg gjere noko for å heidre ho.

Gry tok kontakt med Sissels dotter, Camilla, som synest det var ein fin idé.

Seinare har det altså vorte fleire marsjar. Og søndag er det klart for årets marsj.

– Alle som vil delta, er velkomne med, oppfordrar Gry.

Rosa sløyfe-marsjen startar ved Lauvsnes skole søndag kl. 11. 00.