Lise har runda 500 000 visningar
– Eg er ikkje steike komfortabel, fortalde Lise Sørgaard til Flatangernytt då ho starta opp med små videosnuttar frå Spar Flatanger der ho er butikksjef.
Sidan den gong, har ho utfordra komfortsona mange gongar, og ho gjer stor suksess i sosiale medier. Og no har ho altså runda imponerande 500 000 visningar!
Mange kreative videoar
– Eg har no halde på lenge, seier butikksjefen beskjedent om det høge talet.
Men i ein kommune med om lag 1100 innbyggjarar, må ein kunne slå fast at talet er høgt.
Instagram-kontoen til Spar Flatanger er no full av videoar med ein sprudlande butikksjef i hovudrolla. Heile 116 innlegg har det vorte – så langt.
Se dette innlegget på Instagram
Ho har gøymt seg bak stablar med dopapir og dansa med sombrero, ho har ikledd seg supporterutstyr for Flatanger idrettslag og i sommar sprella ho bokstaveleg talt i tangen for å feire nettopp Tangspræll.
Dette er berre eit lite utval av kva innlegga inneheld. Og sjølv om dei har mykje forskjellig innhald, er fellesnemnaren ein stor dose humor og liten grad av sjølvhøgtidelegheit.
For ho som omtalar seg sjølv som «den stillaste i klassen» då ho var elev i grunnskolen, har sidan ho starta opp med dette prosjektet, verkeleg vist at ho kan by på seg sjølv.
– Eg vil vise at det ikkje er så farlig og at ein ikkje må ta seg sjølv så høgtideleg, slår ho fast.
Ho har gjort det til ein vane å leggje ut ein video kvar veke og beskriv det som eit avbrekk i kvardagen.
– Vi rasar av garde i travelheita vår. Då treng vi litt avbrekk.
Med sonen som kameramann – og på mange flater
Det er sonen Truls på 11 år som er den faste kameramannen hennar, og visst kan vel han òg bli litt flau av mora…
For skal ein synast i feeden i dei sosiale media, må ein våge å skilje seg ut.
– Når eg først skulle lage videoar, ville eg at dei skulle skilje seg ut, og eg ville gjere meir ut av det, forklarar Lise.
Og ho legg arbeid i prosjektet. Ikkje berre er ho på Instagram, men ho legg også videoar på SnapChat og TikTok.
– Eg er for gammal for TikTok, flirer ho.
For ho lagar meir arbeid til sjølv med å vere på dei ulike flatane.
– Det er jo det same innhaldet, men ikkje den same filmen på dei ulike media. Eg må klippe annleis, forklarar ho.
Heldigvis synest ho framleis at det er artig å halde på med videoane, og at det er mange set pris på det, merkar ho godt.
– Eg får mange kommentarar, og det hender seg at det kan vere ungar som peiker litt.
Også Spar Norge har plukka opp nokre av filmane og har lagt dei ut på sine SnapChat og TikTok-kontoar.
Og fleire videoar kjem. For som Lise seier det:
– Eg trur det er ei forventning om det no…



