Flatangernytt
5 minutter lesetid

Klart for teaterhelg på Vik

Laurdag blir det liv og røre på Framheim på Vik. Ikkje berre ei, men to førestillingar, vil bli å sjå.

Dei to er «Guvernanten» og «Skam deg, Mayliss!». Begge er monologar, og det er kulturkontoret i Flatanger som inviterer til teaterhelg.

Guvernante i fiskeværet Nusfjord

Monologen «Guvernanten» er av og med Gro Lystad. Teksten er bygd på dagsboknotatar skrive av Lystad si mor då ho i 1935 og – 36 var guvernante i Nusfjord, på søraustsida av Flakstadøya i Lofoten. I dag er nok ordet «guvernante» ukjend for mange, men ordet beskreiv ei kvinne tilsett hos ein familie for å undervise og oppdra barna heime hos dei.

Mora til Gro Lystad var berre 17 år gamal då ho reiste frå heimstaden Hamar heilt Nusfjord. Her skulle ho arbeide som guvernante, og førestillinga gir eit tidsbilete av livet i Lofoten på 30-talet. Dette var ei tid med Lofotfiske, mektige væreigarar, tenestefolk og fattigfolk.

På denne tida var det mykje liv og røre i fiskeværet. Nordland fylkeskommune skriv på sida Arkiv i Nordland at det i hovudsak var tilreisande fiskarar som kom til Nusfjord som gav grunnlag for rikdommen til handelsmannen. Under lofotfisket vart befolkninga mangdobla. Det var på den tida rundt 50 fastbuande, men opp mot 1500 under lofotfisket! I dag bur eit 30-tals fastbuande i Nusfjord, ein stad som framleis er eit aktivt fiskevær og som er unikt med 28 bevarte rorbuer, dessutan driftsbygningar som fiskebruk, trandamperi, naust og butikk.

I framsyninga får publikum møte historiske personar som sjukepleiar, rektor og lærebokforfattar Marie Lysnes og Ragnhild Kåta, den første døvblinde i Noreg som fekk offentleg undervisning og lærte seg å snakke.

Ein får og høyre forteljinga om ørnerovet på Leka, ei forteljing Gro Lystad var opptatt av som lita.

Fakta om førestillingane

Guvernanten er av og med Gro Lystad.

Regi :Liv Hege Nylund.

Teknikk: Geirr Johnson

Musikk: Per Christian Revholt.

Skam deg, Mayliss! av Elsie Johansson

Regi: Marika Lagerkrantz

Musikk: Asgeir Skrove

Produsert ved «Turnéteatret i Trøndelag»(Nord-Trøndelag Teater) På scenen: Liv Hege Nylund. Tekniker :Gro Lystad.

Monolog basert på roman


Den andre førestillinga, «Skam deg, Mayliss!», er ein monolog med Liv Hege Nylund.

Monologen er basert på ein roman av Elsie Johansson, ein svensk, prislønt forfattar. Ho gjekk bort tidlegare i år, 93 år gammal.

Saken fortsetter etter annonsen

Turnéteateret skreiv tidlegare i år på heimesida si at «En lidenskapelig og lengtende enke gir deg vårens mest spennende, smertefull og humoristiske forestilling», så her burde noko for kvar og ein.

Mayliss er enke og barnlaus, men lysten på lidenskap og nærleik. Når ho plutseleg får blomar av handverkaren som nettopp har renovert badet hennar, sett det i gang eit vell av kjensler. Ja, teateret beskriv det som ein tsunami!

Og kva skal ho gjere? Skal ho våge å sleppe seg laus?

Den kulturelle spaserstokken

Jonas Finanger på kulturkontoret fortel at dei to forestillingane er ein del av kommunens kulturelle spaserstokk (DKSS), det vil seie ei tilskuddsordning som skal sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling til eldre. Framsyningane passar likevel for ei brei aldersgruppe, ikkje berre for eldre.

Billett kjøper ein til dei to førestillingane samla. «Skam deg, Mayliss» er først ut klokka 13, deretter kjem «Guvernanten» klokka 14.45.

Framsyningane er på Framheim, Vik, 27. september. Billett kan ein kjøpe i døra og 10. klasse sørger for at det går an å kjøpe seg ein kaffikopp.