Helselaget i godt driv til Tangspræll
Dei står for solid erfaring og mange år med frivillig arbeid dei to representantane frå Lauvsnes helselag. Snart er dei klare med tombola på Tangspræll.
For det er noko som høyrer med når buer riggast og folk samlast. Ved tombolaen er det alltid kø!
Mykje arbeid ligg bak
Helselaget har alltid ei stor mengde gevinstar på tombolaen sin, det har dei også i år.
– Akkurat no har vi 424 tombola-gevinstar klare, fortel Inger Holmen som er leiar i Lauvsnes helselag.
Heime hos Inger er alle premiane samla, og dei byrjar å ta litt plass. For i tillegg til tombolagevinstar, er det også 52 gevinstar på hovudlotteriet – så langt. Her er det også hektisk aktivitet med å merke gevinstar og gjere alt klart til neste helg.
– Det er ikkje støvfritt hos Inger Holmen no, humrar ho.
Inger møter Flatangernytt saman med Klara Dahle som også sit i styret i helselaget. Dei to har begge vore med i fleire tiår.
– Eg vart med nokre år etter at eg gifta meg i 1967, eg har vel vore med sidan starten på 70-talet, kan Klara fortelje.
Begge dei to har også langvarige leiarskap i laget, bortimot tjue år – kvar…
Inger er leiar no. Neste år er det tjue år sidan ho fekk vervet, men ho fortel at ho hadde opphald i leiarskapen i eitt år. Då var Bente Havstein leiar.

Stor inntektskjelde
Men tru ikkje at dei dveler ved det som var. Nei, desse damene ser framover. Og med Tangspræll rett om hjørnet, er det full innsats.
– Tangspræll er den største inntektskjelda vår, forklarar Inger.
Helselaget kjøper inn gavekort, og det er mange flittige hender som bidreg med mellom anna strikkeprodukt.
– I fjor fekk vi inn over 62 000 kroner brutto, slår Inger fast.
For folk er veldig flinke til å kjøpe lodd. Og det er nesten ingen lag som har tombola.
– Det er mykje arbeid, men det er jo berre ein gong i året.
«Karrakaffe» og «kjerringkaffe»
Men det er ikkje berre Tangspræll som står på agendaen til Lauvsnes helselag. Noko som har vorte veldig populært, er «karrakaffe» og «kjærringkaffe».
– Det er veldig artig med desse kaffitreffa, seier Klara.
– Vi var på eit møte på Stjørdal. Der var mellom anna helselaget frå Ytterøya. Dei fortalde at dei heldt på med eigne kaffitreff for mannfolk, fortel ho.
Idéen vart tatt med heim, nokre var nok litt skeptiske i starten, men Inger slo gjennom og sa: – Derre prøve vi.
Dei sette i gang, og no har det vorte ein suksess. Til å byrje med var det ikkje så mange, men det kom fleire og fleire. No er det mange karar som set pris på tilbodet og møter opp. Annakvar veke året gjennom.
– Vi starta opp med tilsvarande tilbod for damer også, og det er også annakvar veke. Men før jul og før sommaren samlar vi alle på felleskaffi på Nordgårdstua, fortel dei to helselagsrepresentantane.
Vil spre informasjon om demens
Eit anna område Lauvsnes helselag brenn for og jobbar mykje med, er demens.
– Det er inga eiga demensforeining i Flatanger, fortel Inger. Rundt i Trøndelag er det 22 demensforeiningar og 19 helselag. Alle ligg inn under Nasjonalforeningen for folkehelse, legg ho til.
Sidan det ikkje er ei eiga interesseorganisasjon innan området, tok helselaget fatt i saka.
To gongar har dei arrangert temakveld om demens med foredrag av Marte Kvello Alme, ein annan gong fortalde Lise Vannebo om besøksteneste for demente i Namsos, og ein gong hadde dei besøk av ein mann som fortalde korleis han som pårørande hadde nytte av GPS som eit sikkerheitstiltak for si demente kone.
– Det blir jo fleire og fleire som har demens, og vi veit for lite om det, konstaterer Inger.
– Mange har sett Syver i Team Pølsa. Han har fått fram informasjon om barnedemens, legg Klara til.
No planlegg helselaget eit nytt foredrag på tidleghausten. Marianne Mørck Danielsen skal halde eit foredrag om demens og pårørande-rolla.
Danielsen, som sjølv har ei mor med demens, har halde mange foredrag rundt i Trøndelag, mellom anna i Trondheim, Overhalla, Grong og Namsos. Ho har óg skrive bok, og ho har sin eigen podcast «Ikke lett å glemme».
– Det har komme mange på foredraga tidlegare, og vi er glade for at mange unge, mellom anna dei som jobbar innan helse, har møtt opp. Men vi vil gjerne at også dei som jobbar i servicenæringa møtar opp, appellerar Klara.

Helselaget skulle også gjerne sett at Flatanger kommune vart sertifisert som demensvennleg kommune.
– Dagtilbod for heimeboande demente finst ikkje og no har vi heller ingen demenskontakt i kommunen, fortel Inger.
– Demenskontakten må vere på plass slik at ein veit kven ein skal kontakte om ein treng det, argumenterar dei to.
Stort engasjement og mange aktivitetar
Dei to er engasjerte når dei fortel. Og lista over alt laget får til, er lang. Ein kjapp titt i årsmeldinga frå 2024 fortel mellom anna at dei kjøpte inn alt frå uteleiker til Vangan barnehage til påskeblomster til både pleie-og omsorgstunet og Kvitveistunet. Helselaget har óg investert i sitt eige trappetrinn i den planlagte utsiktstrappa på Utvorda.
Dei støtter kvart år klasseturen til 10. klasse, og gir pengar til konfirmantturar, aktivitetar til flyktningane, TV-aksjonen og mykje meir.
Det er med andre ord eit vital lokallag. Lista over alt dei gjer er lang, og omsorgen er stor. Dei serverer førjulskaffi på pleie- og omsorgstunet, arrangerar Seniordans, har trimkasse på Løvøya og gir nybakte foreldre ei «velkommen til verda- gåve».
– De må vere mange medlemmar for å få til alt dette, undrast Flatangernytt.
– Vi er knapt 50 medlemmer i laget no, fortel Inger.

Men dei ønsker seg fleire. For før var nesten kvar husstand på Lauvsnes medlemmer, kan dei to styremedlemmene fortelje.
Levedyktig organisasjon med fargerik historie
Lauvsnes helselag har allereie runda 100 år, det gjorde laget i 2019. Men kva som har vore kjerneoppgåver har endra seg mykje.
– Helselaget stod for spedbarnskontroll, husmorordninga og sosiale tiltak. Dei hadde ansvar for mange oppgåver som kommunen tok over etter kvart, fortel Klara.
Mellom anna hadde dei ei sjukebåre som vart brukt når pasientar måtte fraktast med Namsosbåten til sjukehuset før det var bilveg til Lauvsnes. Og ikkje nok med det. Det var helselaget som kjøpte inn den første sjukebilen som fantes i Flatanger.
– Då eg var leiar, vart bilen solgt, forklarar Klara, og etter det var det sjukebil i privat eige mange år før det vart helseforetaket som tok over ansvaret.

Oppgåvene har endra seg, men engasjementet er like stort. Dei to veteranane gler seg over eit aktivt styre, at fleire i styret deltek på regionale samlingar og at organisasjonen lever vidare. Men rom for fleire medlemmer har dei altså. For arbeidet gjer seg ikkje sjølv.
Om ei knapp veke er Tangspræll i gang. Då møter du desse to driftige damene saman med andre ivrige helselagsmedlemmer- klare for å snurre tombolahjulet for deg!
Tilsvar fra kommunen
Flatangernytt har spurt helse- og omsorgssjef Liv Brønstad om ein kommentar vedrørende demenskontakt og tilbod til heimeboende med demens. Ho svarar:
» Flatanger pleie- og omsorgstjeneste har siden 1.5.2025 ikke hatt demenskontakt på plass. Ved behov for tjenester må det rettes en henvendelse om dette til pleie- og omsorgstjenesten. Tjenester innvilges etter behov og i samråd med bruker og pårørende. Når det gjelder dagtilbud til demente så etableres dette når behov oppstår.»



