God framdrift på Vik
«Vikvatnets venner» er i full gang med å oppgradere stien rundt vatnet. Torsdag var det på nytt dugnad med mange ivrige deltakarar.
Med oppstart ved den idylliske badeplassen ved Vikvatnet, arbeider dugnadsgjengen seg no i begge retningar derfrå. Pågangsmotet og arbeidsviljen er på plass.
Må gruble litt
Og pågangsmot må ein ha, for det er ikkje fasitsvar på alle spørsmåla som dukkar opp under arbeidet.
– Trur de vi må bygge opp med stein her? spør Benjamin Lein Fuglår sitt dugnadslag, Iver Aune Krogstad og Håkon Lein Fuglår.
Dei tre er i gang med å leggje duk, byggje kantar og fylle opp med grus.

– Kanskje må vi borre, repliserer Håkon.
– Vi må gruble litt her, seier Benjamin.
Dei tre samarbeidar godt. Dei er tre av mange som har dukka opp til torsdagsettermiddagens dugnadsøkt. Sist var dei 20 som kom, og også denne ettermiddagen er det mellom 15 og 20 til stades.
Sosial møteplass
– Det er så artig at så mange kjem, synest Annette Waldersløff.
Ho arbeider saman med Anikken Isaksen denne ettermiddagen, og oppdraget deira er å rydde kvist.

– Det er oppgåver for kvar og ein. Og om nokon vil komme «berre» for det sosiale, er det fint det óg, seier Annette.
Ho er opptatt av at det viktigaste ikkje er å bli ferdig fortast mogeleg, men at det er sosialt og at det å lage stien er eit fellesskapsprosjekt.
– Det er så mange som bidrar i Flatanger, både her på Vik og andre stader. Og det var artig at grendelaget på Utvorda og Sitter vann i «Laget mitt», dei er så flinke, smiler Annette. Ho er ikkje det minste sur for at «Vikvatnets venner» ikkje var blant dei heldige.
– Nei, vi prøver igjen. Og eg stemte på Utvorda òg, smiler ho.
Nyinvestering på plass
Ei investering som er tatt i bruk, er ei motorisert trillebår.

– Dette funkar bra, vi får med meir om gongen og slepp å gå fram og tilbake så mange gongar, fortel Mikael Kirstein.
– Til saman klarer vi det rimeleg bra
Mens Mikael trillar fram og tilbake, er det utforming av port som er oppgåva Reidar Estensen og svigersonen Franken Estensen held på med.
– Franken ser ikkje mørkt på noko, og til saman så klarer vi det rimeleg bra, smiler Reidar.

Mørkt ser dei heller ikkje på oppgåva, Mats og Vegar Fornes Hustad. Dei er i full gang med rammeverk. Rundt heile vatnet skal det leggjast duk og fyllast opp med pukk.

Rett bak Mats og Vegar finn vi Hans Nikolai Skjærvø Aune og Halvard Rørstad i full gang med å dra ut duk.

Det er oppgåver for ein kvar, både ung og gammal. Yngst av alle er han vi møter til sist. Sigve (6) er saman med pappa Jørn Are Kjølseth Hansen og Johannes Hanssen Waldersløff i gang med rive ned ein gapahuk. Den har stått der ei stund, og er prega av vêr og vind.
– Eg var med å bygge han, fortel Vegar Hustad Fornes.
No har gapahuken gjort nytta si, og det er tid å for å rydde området. For mens turstien blir bygd, blir det óg rydde rundt stien.

Når dugnadsfolket har komme seg rundt heile vatnet, blir det mogeleg for enda fleire å komme seg rundt og bruke heile området.
– Det skal bli mogeleg å gå her med barnevogn, seier Alf Magne Hanssen, leiar i Vikvatnets venner.
Han oppfordrer alle til å bli med på dugnadar framover.
– Det er så fint her, og vi vil at mange skal bruke både stien og området rundt. Heile området her er ei perle, avslutter Alf Magne.
Det er vanskeleg å vere ueinig med han i det, så vi får la det bli siste ord.



