Flatangernytt
3 minutter lesetid

Gjentar suksessen med allsongkveld

Helselaget med Inger Holmen i spissen inviterer onsdag til ein koseleg kveld med song og musikk.

Da kan du nemleg få ein heilaftan med gjenhøyr med gamle songar. Og her gjeld at dei som kjem, kan vere med syngje, alle som ein.

Stødige musikarar

– Vi er så heldige å få besøk av Gudmund Thorsen med musikarar frå Sjøåsen og Osen, fortel Inger Holmen som er leiar i Lauvsnes helselag.

Mange kjenner nok Gudmund som organist på Namdalseid og Statland, men òg frå mange andre musikalske samanhengar. Vi har med allsidige musikarar å gjere.

– Dei har med seg songhefte og vil spele mange gamle slagarar som eg trur mange drar kjensel på, legg ho til.

Suksess i fjor

Også i fjor inviterte helselaget til ein slik kveld. Mange kom på arrangementet som vart vellukka på alle vis.

– Det var ein suksess! Mange kom og vi hadde ein triveleg kveld, seier Inger.

Saken fortsetter etter annonsen

Ho fortel at det var flest eldre som kom sist, men at arrangementet sjølvsagt er opent for alle som har lyst til å delta.

Ein matbit blir det også

Ikkje berre er det lagt opp til song denne kvelden. Helselaget byr òg på litt å bite i.

– Vi ordnar med kveldsmat, slår Inger fast.

Så da er det berre å reinske strupen og møte opp, for som det står i Mads Berg si songbok:

Lese og skrive og regne er bra,
lese og skive og regne er bra.
Men å få synge litt,
men å få synge litt,
men å få synge litt,
det gjør oss glad.

Arrangementet er på Miljøbygget onsdag 15. oktober kl. 18.