Flatangernytt
9 minutter lesetid

Fornøgd redaktør klar med årbok nr. 32

Tradisjonen tru er Flatanger historielag klar med årboka til jul. Og tradisjonen tru er Reidar Lindseth redaktør med stødig hand på verket.

For redaktøren har vore med heilt frå den første årboka kom i 1994.

– Den første årboka var så å seie ferdig redigert av Sigurd Laukvik og til den andre hadde Leif Havstein gjort ein stor jobb med å samle inn stoff om krigshistoria, fortel Reidar.

Årbok med allsidig innhald

Men etter dette har han vore primus motor, og saman med dei andre i historielaget har han år etter år sett saman små og store artiklar om alt frå dagleglivets små og store hendingar til dramatiske forteljingar frå både krigs- og fredstid til ei årleg utgiving.

Så også i 2025-utgåva. Det er i år 80 år sidan den andre verdskrigen tok slutt i Noreg, og det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Nord-Amerika starta då skuta Restauration segla fra Stavanger til New York.

– Vi har to lange artiklane i år om desse store emna; krigshistorie og utvandring, fortel redaktøren.

John H. Stamnes har skrive ein fyldig artikkel om krigsseglaren Egil Havstein, mens Arnt Landre tek for seg utvandringa til Amerika i bidraget sitt.

Men det er òg anna stoff i årboka. Ein kan mellom anna lese historia om Henrik Dølvik som Reidar vel å kalle «øypostbod» for sjølv om tittelen nok var landpostbod, var tenesta hans å sørge for at posten kom fram også til øybebuarane.

Ein kan òg lese ein artikkel frå Namdalens folkeblad skrive til Nikoline Hylla sin 90-årsdag – for å nemne noko.

Årets bok har dessutan originalteikninga av Løvøy kyrkje på framsida. Teikninga er signert «Nordan 1870» etter arkitekt Jakob W. Nordan, og det var Anne Ruud Kristiansen som tipsa Reidar om denne flotte teikninga som finst på Flatanger meinigheitskontor.

– Teikninga viser detaljar på kyrkjebygget som ikkje er slik i dag. Tårnet er endra og vindauga har vorte kledd igjen.

Vindauga er både på arkitektteikninga og på eit foto frå 1915, men altså ikkje no. Kva år endringa er skjedd, veit vi ikkje.

Her er Reidar med den nye årboka på julemessa på Vik i november. Foto: Ove Magne Ribsskog.
Her er Reidar med den nye årboka på julemessa på Vik i november. Foto: Ove Magne Ribsskog.

Trufaste bidragsytarar

Det vi derimot veit, er at både Stamnes og Landre som har skrive artiklar til årets utgåve, er trufaste bidragsytarar. Det er det også fleire andre som er.

– Øyvind Mårvik må nemnast som ein av dei som har skrive mykje om vi først skal nemne namn, slår Reidar fast. Han er takksam for alle som har bidratt med stoff alle desse åra.

I fjor varsla redaktøren at det kunne bli siste bok, men det kom inn nok stoff til årets utgåve – og meir til.

– Eg er allereie halvvegs inne i neste års bok, fortel Reidar.

Nye bidragsytarar har meldt seg, men framleis er det rom for meir stoff til 2026. Reidar seier han gjerne tek imot fleire bidrag.

Saken fortsetter etter annonsen

Årbøkene har opp gjennom åra tatt for seg emne innan daglegliv, næringsliv, krigshistorie og utvandring.

– Det er alt frå daglegliv til heilt store hendingar. Frå krigen har vi mellom anna skrive om kor hardt det var for kvinnfolka som satt heime og skulle få endane til å møtast i ei tid med rasjonering og der dei ofte kunne vere åleine med ungane.

Også om arkeologiske funn har det vore artiklar, Sigmund Alsaker er ein av dei som har skrive om dette.

Givande arbeid

År etter år mottek Reidar artiklar som skal setjast saman til eit heile. Han legg ned mykje arbeid i alt frå skriving til å finne bilete, få anbod på trykkinga og til å sende ut bøker til dei som vil ha.

– Det er mange småvendingar, konstaterer han.

Men om det er mykje arbeid, er det eit givande arbeid.

Lindseth synest det er ein meingsfull aktivitet å bruke tid på arbeidet med årbøkene, og han meiner dei bidreg til å byggje identitet. Gjennom bøkene kan ein bli kjent med folk og historier frå heimstaden.

Som tidlegare historielærar får han også brukt fagkompetansen sin i arbeidet.

Å lære av historia

Det heitar seg at ein må lære av historia så ho ikkje gjentek seg, men Lindseth slår fast at hendingar kan vere nokså like om rammene endrar seg.

Eit døme på det kan vi sjå i årets bok. 23 år gamle Ingolf Strøm skreiv dette i romjula 1945:

«Så for oss betyr ikke denne fredsjulen så meget som for dem som har tilbrakt julen i fengsler og konsentrasjonsleirer og som har sittet fanget i Tyskland og har tilbrakt julen der i disse tunge år langt fra sine kjære, og i uvisshet om hvordan de hadde det heime. De måtte feire julen på en plass hvor vold og terror herjet og hvor demagogi og lovløshet var rett» (s. 47).

Om rammene er annleis, sit det også denne jula mange menneske rundt om på stader der vold og terror herjar – og dei har familie og vennar heime som lever i uvisse.

Lesarar frå Finnmark til Oslo

Historielaget har ei abonnementsordning for årbøkene, og Lindseth fortel at dei sender mellom 30 og 40 bøker til faste abonnenter.

– Vi sender både til Oslo og til Finnmark, smiler han.

Men mange kjøper lokalt, på Miljøbygget og Frivilligsentralen som er dei faste utsalsstadene og på julemesser eller andre stader historielaget sel bøker før jul.

Dei sel nærmare 200 bøker av kvar utgåve. Og ein god del av blir selt tett oppunder jul. Det har hendt at redaktøren har fått kjøparar på døra på julaftan.

– Om ein manglar ei julegåve når julaftan kjem, kan ein komme innom meg, avsluttar han.