Flatangernytt
6 minutter lesetid

Drar i gang Abba-show

Ein liten sniktitt inn i øvingslokalet torsdag kveld lovar godt. Snart er det showtime!

Og ikkje kva show som helst, men Abba-show den aller første dagen i november.

Og Abba er ei gruppe dei aller fleste kjenner godt. Både dei som opplevde glanstida deira frå 1972 til 1982, og dei som har vorte kjent med musikken gjennom Mamma Mia-filmane frå 2008 og 2018.

Artig for både deltakarar og publikum

Det er Flatanger musikkforening som fekk ideen, og dei har alliert seg med frivilligkoret KOR-all. I tillegg blir deltek Girljam, Road 766 og Hanne Hallås.

– Korpset ville gjere eit større prosjekt, forklarar dirigent Kristin Einvik.

Treblåsrekka i Flatanger musikkforening under torsdagens øving.
Treblåsrekka i Flatanger musikkforening under torsdagens øving.

I det nye prosjektet ville korpset arbeide med eiga musikalsk utvikling, og dei ville finne eit prosjekt som var artig for både dei sjølv og publikum. Denne gongen har dei derfor laga ei forestilling til eit vaksent publikum.

– Vi har hatt familiearrangement tidlegare, blant anna med sirkus. No ville vi ha noko anna, fortel Kristin og legg til at arrangementet har ei aldersgrense på 18 år.

God stemning og godt samarbeid

På øvingskvelden torsdag var det KOR-all og korpset som møttest. Og det var ingen ting å seie på stemninga.

Latteren sit laust, og smila er på plass. For sjølv om det framleis er med tekstlappar i hendene til songarane, ber Kristin Einvik dei om å ta det med ro.

– Teksten kjem. No skal vi senke skuldrene og kjenne at vi koser oss, smiler ein engasjert dirigent.

Konsentrerte korister får instruksjonar av dirigent Kristin Einvik.
Konsentrerte korister får instruksjonar av dirigent Kristin Einvik.

Og det er det liten tvil om dei gjer. Øvingslåta er One of us og refrenget sit godt:

Saken fortsetter etter annonsen

One of us is crying, one of us is lying
In a lonely bed
Staring at the ceiling
Wishing she was somewhere else instead

Men her i kommunestyresalen på Miljøbygget ser det ikkje ut til at dei lengtar av sted. Alle er på rett stad til rett tid.

KOR-all er i god form og klare for show.
KOR-all er i god form og klare for show.

Det jobbast med dynamikk og presisjon. Og stødige musikarar held takten godt.

Vegar Fornes Hustad på slagverk i front sørger for at tempoet held seg som det skal.
Vegar Fornes Hustad på slagverk i front sørger for at tempoet held seg som det skal.

Men fleire aktørar er altså med.

– Det er godt samarbeid! Bandet er flinke, det kjennest så naturleg når dei er med og kompar – det glir av seg sjølv. Girljam kjem med både leikenheit og profesjonalitet, og sangsolist Hanne er både flink og positiv, seier Kristin fornøgd.

Glitter, glam og ein paljett eller to

Abba var ikkje berre kjent for dei fantastiske songane sine, men óg for dei ikoniske sceneantrekka. Kristin lovar at det vil bli både glitter og glam i samfunnshuset under showet óg.

Se video fra øvinga (video: Morten Kristiansen):

– Publikum må gjerne finne glitter og stas å ha på, det blir ein festkveld, lovar ho.

Til å lose publikum gjennom slagerar som Dancing Queen, Fernando og The Winner Takes it All, har arrangørane med Knut Johnsrud som konferansier. Med ei stor musikkinteresse som ballast, skal han halde trådane gjennom dei 12- 13 nummera som står på programmet.

Abba-showet får du med deg på samfunnshuset på Lauvsnes laurdag 1. november kl. 19.