Flatangernytt
6 minutter lesetid

Bryggekaféen klar for Rosa sløyfe-dugnad

Vi skriv oktober, og denne månaden har vorte kjend som den rosa månaden. Månaden der ein ønsker å få meir merksemd om brystkreft.

Kvart år får 4000 kvinner i Noreg påvist brystkreft, og sjukdommen er den vanlegaste kreftformen hos kvinner. Rosa sløyfe-aksjonen har vorte ein stor folkebevegelse internasjonalt, og mange ønsker å bidra til aksjonen.

Det held på å bli ein tradisjon for oss

Annette Waldersløff i bryggekaféen på Vik er ei av dei som engasjerer seg i Rosa sløyfe-aksjonen.

– Det held på å bli ein tradisjon for oss. Tidlegare har vi hatt tombola på arrangementet i oktober, i år blir det vanleg loddbok, fortel ho.

Det har allereie byrja å komme inn bra med premiar til loddboka.

– Vi har fått premiar frå både privatpersonar og firma, og vi er takksame for alle gevinstar vi får inn. Det er ei fin blanding av små og store premiar, det blir noko for alle, legg ho til.

På premielista finn ein blant anna Flaxlodd og sjokolade, kunstverk frå Tove Estensen, ullpledd, smykke og gåvekort på Zanzibar Inn. Og mykje meir.

Annette fortel at loddsalet er i full gang og alt overskotet går til den nasjonale rosa sløyfe-aksjonen. Og ho håpar dei klarer å samle inn mange pengar.

– Det er ein sak som betyr noko for så mange. Derfor er det fint at vi kan bidra, meiner Annette.

Givarglede

Og at det betyr noko for mange er sikkert. For vi kjenner vel alle nokon som er eller har vore råka av kreft.

I Flatanger hugsar vel alle godt då Lucas Haagensen i 2023 drog i gang ein innsamlingsaksjon «Flatanger sammen for Rosa sløyfe» og samla inn imponerande 400 000 kroner!

Ingen tvil om at flatangringane er gåvmilde – og at rosa sløyfe-aksjonane er noko mange vil støtte.

Saken fortsetter etter annonsen

Lucas starta aksjonen til minne om ei kjær bestemor som døydde av brystkreft. Ein skjebne som råkar om lag 600 brystkreftpasientar kvart år.

Viktig med kunnskap og forsking

Pengane som samlast inn rundt omkring i Noreg går til forsking på brystkreft med mål om at fleire kan overleve og at dei kan få så god livskvalitet som mogeleg etter sjukdommen.

Anniken Isaksen er ei av dei engasjerte i bryggekaféen. Også ho er opptatt av at ein treng meir forsking på sjukdommen.

– Dette er ein hjertesak for meg. Eg har nokon i nær familie som er råka av sjukdommen og eg har derfor vorte pårørande sjølv.

Ho fortel at ho i tillegg til å vere med i arrangementsgjengen bak bryggekaféen, har dratt i gang «rosa dag» på Lauvsnes skole der ho arbeidar som lærar.

– Vi oppfordrar både elevar og tilsette til å ha på rosa klede ein dag. Det blir tredje året vi har ein slik rosadag, og i år blir det på torsdag, den 2. oktober, fortel ho.

Anniken er opptatt av å få ut informasjon om saken. I tillegg vil sjølvsagt ho og dei andre på bryggekaféen bidra til å få inn pengar til forskinga.

– Vi vil gjerne ha fleire premiar til loddsalet, og vi håpar at mange tek turen innom, oppfordrar ho til slutt.

Arrangementet finn stad på Vik brygge laurdag 11. oktober frå kl. 11, men allereie nå er altså dei driftige damene i gang med loddsalet.

Fakta om Rosa sløyfe – aksjonen og brystkreft

  • Rosa sløyfe- aksjonen arrangerast kvart år i oktober.
  • Målet med aksjonen er å vise solidaritet, spre informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, forutan å støtte livsviktig forsking på brystkreft.
  • Aksjonen er internasjonal, og i Noreg er det Brystkreftforeningen og Kreftforeningen som står bak.
  • Kvart år set dei søkjelys på ulike sider ved brystkreft. I år er temaet at unike kvinner treng unik oppfølging.
  • I 2024 fekk 4215 kvinner diagnosen brystkreft i Noreg, medan det var 36 menn som fekk diagnosen.
  • Halvparten av alle som får diagnosen, er over 62 år.
  • Sidan 1965 har det vore ei jamn auke i talet på kvinner som får påvist brystkreft, men det har også vore ei auke i overleving.
  • Ni av ti kvinner som får diagnosen, er i live fem år etter at dei fekk diagnosen.
  • Kvinner bør bli kjend med brysta sine for å auke sjansen til å oppdage brystkreft tidleg. Ein må vere oppmerksam på mellom anna kular i brystet og armhola, inndraging og søkk i huden og sår på brystet som ikkje gror.
  • Ein finn informasjon på heimesidene til Brystkreftforeningen og Kreftforeningen (sjå lenker under).