10. klasse inviterer til juletrefest
Dei har juleferie frå skolen, men ligg ikkje på latsida av den grunn. Ungdommane vil fylle samfunnshuset med små og store i romjula.
Dei har nemleg bestemt seg for å arrangere ein god, gammaldags juletrefest i samfunnshuset.
Ta vare på tradisjonar
– Det er jo ikkje så mykje som skjer i jula, og derfor ville vi finne på noko sosialt, fortel Nora.
– Og så kan det jo vere artig å ta med ungane på juletrefest og bevare gamle tradisjonar, legg Leyna til.
– Ja, og kanskje neste års tiendeklassingar også kan arrangere juletrefest, undrast Kasper.
Juletrefest
- Skikken med juletrefest kom i gang på 1800-talet, kort etter at det vart vanleg med juletre.
- Det første juletrefestane var stelt i stand av det offentlege som hjelpetiltak for fattige barn.
- Tradisjonen starta i byane og spredte seg til landsbygda der det kunne vere ein prest eller lærar som drog i gang tradisjonen.
- Juletrefestane slutta etter kvart å vere veldedigheit og vart sosiale samankomstar.
- Utover 1900-talet vart det vanleg at julenissen dukka opp på juletrefesten for å dele ut ei gåve eller godteri til ungane.
Det er sju tiandeklassingar på Lauvsnes dette skoleåret.
Dei hugsar at dei sjølve var på juletrefest då dei var små.
Dei er også samde om at det kan vere fint med arrangement for dei som kanskje sit åleine i jula.
– Alle kan komme, inviterer ungdommane.
Mange postar på programmet
Ungdommane har snekra saman eit program med mykje innhald. Eit program som har noko både for barn og vaksne.
Dei lokkar med underhaldning. Ein av postane på programmet er at 3. og 4. klasse kjem og syng. Det blir også fleire song-nummer, og også ein av tiandeklassingane skal i elden som songar.
Også dei som møter opp, kan vere med å synge, for det blir nemleg gang rundt juletreet.
Flatangernytts utsende undrast kva julesong tenåringane liker best når dei går rundt juletreet.
– Kanskje «Så går vi rundt om en enebærbusk», foreslår Ine og resten av gjengen seier seg einige.
Og visst er det litt av sjarmen med å gå rundt juletreet at ein kan få ta nokre små hopp nett under denne songen.
Men tru no ikkje at det blir stress og mas her. Nei då, ungdommane lover at det skal bli ei koseleg og avslappande stund.
Det blir bord-quiz, og jammen har dei og alliert seg med nissen som skal prøve å komme innom samfunnshuset denne dagen.

Kom med tom mage
Dei gler seg på gjestebod og kan love at det skal bli mykje godt å spise.
– Vi håper folk er litt svoltne når dei kjem, for vi skal ha påsmurd mat, kaffi og kaker, fortel dugnadsgjengen.
For dei bakar sjølve, fortel dei. Dei har hatt mange ulike dugnadar i lag, og målet er at dei skal spare nok til å komme seg på ein klassetur saman ved avslutninga av grunnskolen.
Dei planlegg tur til Berlin og håper at også dette arrangementet kan gi tilskot til klassekassa.
Juletrefesten finn stad i Lauvsnes samfunnshus 4. juledag, 28.12, kl. 13.



