Ship o’hoi frå kysten av Senegal
Didrik Lein har langreist styrmannspraksis – langs kysten av Vest-Afrika!
Didrik Lein frå Flatanger er student ved Høgskulen på Vestlandet og nyt til vanleg studielivet i maritime Haugesund. Der er han tredjeårsstudent på bachelor i nautikk. At han no er ved Afrikakysten skuldast at høgskulen er den første studiestaden som kan tilby bachelor med integrert praksis som eit fireårig løp i staden for den tradisjonelle vegen med tre års skule og eit påfølgjande praksisår.
Etter fire år kan han dermed gå direkte ut i jobb som styrmann etter fullført utdanning, utan å måtte gå vegen om kadettstilling. Praksisen er fordelt utover dei fire åra, og studentane får dermed eit meir praksisnært utdanningsløp.
Langreist praksis
– Høgskulen har avtalar med ulike reiarlag, fortel Didrik. Han mønstra på til reiarlaget Solstad Shipping AS i Belgia for deretter å vere med og føre den 142, 6 meter lange arbeidsbåten til kysten av Vest-Afrika. Her har dei arbeidsdagane sine utanfor kysten av Senegal og Mauritania der dei arbeider med ferdigstilling av eit nytt LNG-felt.
– Prosjektet har den djupaste undervass-infrastrukturen i Afrika, forklarar Didrik. Vi er nede med ROV og kran, og vi jobbar på 2850 meter djup då det er mange installasjonar som skal ned på sjøbotnen og koplast opp og i saman.
Han forklarar vidare at gassrøyra mellom anna skal tømmast for sjøvatn og tørkast for å klargjere dei til å frakte gass. Til dette arbeidet bruker dei ein gigantrigg med kompressorar ståande på dekk.
Storstilt prosjekt
Prosjektet har namnet The Greater Tortue Ahmeyim Project, og det skal etter planen produsere 2,5 millionar tonn LNG kvart år på den maritime sjøgrensa mellom Senegal og Mauritania. Gassutvinninga er ei investering på fleire milliardar dollar.
Vind, sand og sinnssjukt varmt
– Eg får sett mykje forskjellig, seier Didrik på telefonen og vel å sitere frå Boom, Boom av legendariske Dumdum Boys når han skal fortelje korleis det er å vere så langt sør: «Bare vind og sand og sinnsykt varmt», humrar han og fortel at han sit i tredve varmegradar mens eg kan notere ein fem-seks sure plussgradar her heime.

Internasjonal stab
Han nyt dei varme dagane, og fortel at han treffer mange nye folk og får mange nye input.
– Vi er no 116 tilsette om bord på Normand Sentinel, og det kan vere 130 på det meste, seier Didik og legg til at dei færraste om bord er nordmenn, sjølv om firmaet har adresse Skudeneshavn.
Arbeidsspråket er engelsk, noko som har vorte heilt naturleg for Didrik etter kvart. – Det er ein bra plass, med himla god mat, noko som passar bra for ei «godmatrauv» som meg, flirer han.

Men energien kan han nok få bruk for. Dagane er lange, og oppgåvene mange. – Eg får vere med på mykje, både oppe på brua der det er mange system å setje seg inn i, med ulike vedlikehaldsoppgåver og med sikkerheitsrutinar, seier han.
Og det skjer mykje på dekk, kan han fortelje. – I går fortøydde vi blant anna ein stor lekter inntil skutesida, «krøyka på krana» og løfta av eit 130 tonn tungt bur som vi sette ned som beskyttelse over nokre koplingar på sjøbotnen.

– Det er artig å sjå korleis alle folka og alle systema jobbar saman for å drifte skipet og halde det operativt, synest Didrik.
Han forklarar at alt ifrå kaffetraktar til avansert navigasjonsutstyr må fungere. – Vi har hightech ROV, stort maskineri og kraftig dekksutstyr om bord, så det er nok å boltre seg i!
Som praktikant har han arbeidsøktene på dagtid og jobbar kvar dag frå 06 til 18. – Det er om dagane det skjer mest, så det er best å ha dagvakt framfor å måtte arbeide kveld og natt.
Verda er ikkje så stor
På båten er dei ei fin blanding av unge og godt vaksne med bra sprik i alder. Med mange ulike folk, er det òg eit vell av ulike erfaringar å dra nytte av. – Vi blir godt kjende, og ein kjem tett på både folka og prosjekta vi arbeider med, forklarar Didrik.
Han fortel at ein dag dei hadde mannskapsbytte, fekk han seg ei overrasking. Om bord kom nemleg nok ein flatangring! Det viste seg å vere Jon Kristian Holmen, eller Jonnemann som nokre kanskje kjenner han som. Han budde på Vik som liten, men er no busett i Rio de Janeiro i Brasil.
Mens Holmen og dei andre fast tilsette hos Solstad fortset arbeidet ute på bøljan blå, er Didrik snart ferdig med praksisperioden dette skuleåret. Etter to månadar ute på havet, reiser han onsdag heim til Noreg og til Campus Haugesund. – Eg skal heim og bryggje øl, avsluttar han.

Kjelde: https://www.bp.com/content/dam/bp/country-sites/en_sn/senegal/home/pdf/gta-brochure-may-2022-en.pdf



