Flatangernytt
8 minutter lesetid

Mangfaldige dagar for Maren Emilie

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Etter ein sommar på utescener rundt omkring i Trøndelag, er det musikken som står i sentrum i haust.

Maren Emilie Kløven Lein har hatt ein sommar som ta pusten frå nokon og einkvar. Frå strålande innsats i Inga på øya tidleg på sommaren, vidare til sagaøya Leka der ho var sjølveste Lekamøya, til Leksvik og Operasjon Oleander. Ein sommar fylt med skodespel på utescener rundt omkring i Trøndelag.

– Det har vore ein sommar som har vore fylt med mykje fint, konkluderer Maren etter ein rask oppsummering av alt ho har rokke. – Sjølvsagt har det vore hard jobbing, men òg mange nydelege opplevingar, legg ho til.

Maren Emilie Kløven Lein i ein av scenane frå Inga frå øya, her saman med Signe Austmo Ryan og Børre Sivertsen. (Arkivfoto)
Maren Emilie Kløven Lein i ein av scenane frå Inga frå øya, her saman med Signe Austmo Ryan og Børre Sivertsen. (Arkivfoto)

Haust med meir hardt arbeid

Midt oppe i alt arbeidet med scenekunst, kom også nyheita om at Maren har fått platekontrakt med sjølvaste Universal Music.

Snart kan vi høyre Maren synge i ein nyanimert film som garantert vil få publikum i julemodus.

1. november er det nemleg premiere på Astrid Lindgrens jul, der Maren syng ei låt langt unna countrysjangaren. Her syng ho duett med Atle Pettersen, og ho er sjølv godt fornøgd med resultatet.

Vil du sjå dei to i lag også på scenen, kan vi røpe at Maren blir gjesteartist når Atle Pettersen saman med Trondheimsolistene skal fylle Olavshallen med julestemning i starten av desember.

Til countrymusikken sin hovudstad

Før vi kjem til desember, er det mykje som skjer for Maren. Kontrakta med Universal Music fører også med seg reising, og i november dreg ho til Nashville, byen som reknast som countrymusikken sin hovudstad. Ho gler seg til å jobbe med produsentar der.

– Eg har vore i Nashville ein gong før, men då høyrde eg mest på musikken der, fortel ho og legg til at ho og har kjende i Nashville. Erlend Gunstveit, som var gjest på den første julekonserten hennar i Vik kyrkje bur nemleg i Nashville no.

Heim til jul

Etter turen «over dammen», kjem Maren heim til Vik med julekonsert. Det blir ein stor konsert som konsertane ho har stått i bresjen for før, men denne gongen i ei anna drakt og med ei anna besetning enn på tidlegare julekonsertar.

Ida Christine Myren blir med på julekonsert med Maren Emilie i år som i fjor. (Arkivbilde)
Ida Christine Myren blir med på julekonsert med Maren Emilie i år som i fjor. (Arkivbilde)

– Eg har med steikbra musikarar, seier ho, og fortel at publikum mellom anna får høyre både kontrabass og dobro.

Gjesteartistar fram frå ermet

Ho lettar og på sløret om gjesteartistane… – Eg har ikkje røpa gjesteartistane enno, men eg gjer eit unnatak for Flatangernytts lesarar, seier Maren sjenerøst.

Saken fortsetter etter annonsen

Vi kan derfor avsløre at sjølvaste Rasmus Rhode, kjend frå Rasmus og Verdens beste band, blir med og gjestar Vik kyrkje i desember.

– Rasmus har skrive manus til Eplene i Messehagen, og vi møttest då eg var med og spelte der. I fjor var eg med på Rasmus sin julekonsert, og vi har vorte meir kjend det siste året. No er det på tide at fleire får høyre at han er meir enn ein artist for barn. Han har mykje fint, sprudlar Maren.

Og ikkje nok med det. Maren kan røpe at også Sturla Larsen er klar for gjensyn med Flatanger. – Han har vore med på Zanzibar tidlegare, og er i tillegg til at han er kjent for popmusikken sin, med og bringer humor inn i førestillinga. Det skal vere artig og, forsikrar Maren.

Siste juleturne for ei stund

Sjølv om Maren gler seg på konsertane som garantert vil gi både ho og publikum julestemning, seier ho det nok blir ei stund til ho dreg i gang slike storkonsertar igjen.

– Det er mykje jobb og også mykje risiko med å setje opp slike store konsertar, seier ho. Ho fortel at det alltid er spenning knytt til kor mange som kjem.

– Eg har solgt godt begge dei to rundane før, men sidan mange venter lenge med å kjøpe billett, blir ein jo litt nervøs, seier ho.

– I tillegg til dei to gjesteartistane eg har nemnd, er både Jens Martin Olsen og Ida Christine Myren med også i år – og eg har endå ein overraskelse, røpar ho, men ho held munnen godt lukka for ikkje å avsløre han…

Maren Emilie Kløven Lein lover å koma til Flatanger, sjøl om dette blir den siste julekonserten på ei stund. (Foto: Pernille Ingebrigtsen)
Maren Emilie Kløven Lein lover å koma til Flatanger, sjøl om dette blir den siste julekonserten på ei stund. (Foto: Pernille Ingebrigtsen)

Maren lover at julekonserten vil by på blanding av litt av det flatangringane har fått på tidlegare julekonsertar og litt nytt. Og om konserten i desember blir den siste av sitt slag på ei stund, forsikrar ho at ho skal fortsetje å kome til Flatanger med musikken sin.

– Eg tar ein dag av gongen, men eg har mange idear. Kanskje kan ein fylle samfunnshusa i Flatanger med countrymusikk? undrar ho avslutningsvis.