Flatangernytt
19 minutter lesetid

Sprek 87-åring med mange jern i elden

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Trygve Nilsen har akkurat kjøpt ny sekshjuling, har brukt sommaren på å snekre naust og er eit bevis på at alder berre er eit tal.

Høgt oppi lia, med panoramautsikt over Oppland, der finn du Trygve heime på garden der han har budd heile livet. – Det er mange som synest utsikta her er fin, seier Trygve.

Og visst er ho det. Å kome hit, er å kome inn i eit vakkert postkort. Med skogen i ryggen og med utsyn ned over åker og eng, her kan ein leve eit godt liv. Det skal Trygve fortelje oss om.

Trygve er ein god forteljar.
Trygve er ein god forteljar.

Barndomsminne

Seks år gamal stavra vesle Trygve Olai Nilsen seg dei om lag fem kilometrane til skolen på Jøssund for første gong. Rett nok fekk han og skolen sin andre førsteklassing hesteskyss dei første vekene, men etterpå måtte dei ta beina eller skia fatt. Det hadde dei ikkje vondt av, meiner han.

Han minnest skoledagane med glede, og han har enno dei første skrivebøkene sine, fylt opp med sirleg handskrift. Som seg hør og bør på den tida, er det eigne sider med korreksjon når ein har vore uheldig å skrive eit ord eller to feil. I kassa med bøkene er også bøkene til storebroren, Gustav, som var fødd seks år før.

Brørne fekk tidleg hjelpe til heime på garden saman med mora Tora og faren Peder Olai. Dei hadde kyr, og om sommaren var det seterdrift. Mora var setertaus under krigen, mens faren og broren var heime og tok seg av slåttonna.

– Eg fekk vere med på setra, og dagane der er blant dei finaste minna eg har, fortel Trygve.

– Vi hadde berre ein to-tre kyr og nokre ungnaut, så når mamma skulle vere på setra, vart det for lite å «berre» stelle dyra. Den siste krigssommaren bar ho derfor med seg symaskina på ryggen opp til setra, ein drøye tredve kilos bør på ryggen i ulendt terreng ein times gange mens ho bar andre ting i hendene, fortel Trygve tydeleg imponert.

Han legg til at ho òg laga seg ein hage med blomar og rabarbra på setra. – Mamma sa ein må utnytte småstundene.

Gode dagar på setra. Trygve og mora til høgre på biletet. Foto: Privat.
Gode dagar på setra. Trygve og mora til høgre på biletet. Foto: Privat.

Frå syerske på Steinkjer til gardkjerring på Oppland

– Ein kunne ha skrive ei heil bok om mora mi, fortset han. – Ho var frå Derås på Namdalseid, fødd i 1897. Ho var flink til å sy, og før ho vart gift, var ho syerske for forsvaret på Steinkjersannan. Symaskina som Tora brukte, er forresten donert til Flatanger bygdemuseum og står per i dag utstilt på museet på Hilstad.

– Det var kvinnfolkarbeid å mjølke, så det var mor sitt arbeid. Ho arbeidde både inne og ute, fortel Trygve.

– Kvar sommar tok ho imot feriegjestar, for onkelen min kom kvar sommar på besøk med familien sin frå Trondheim der han arbeidde som drosjesjåfør. Tora serverte også opp til fem måltid om dagen når det var høyonn, og ho brukte mykje tid på å bere vatn og vaske klede. Ho bar med børtre heilt fram til garden fekk innlagt vatn i 1958.

I gode og onde dagar

– Mamma vart omtrent 95 år, seier Trygve. Ho budde heime til dei siste månadane av livet. Ho kunne sjå tilbake på mange gode år frå ungdomstida på husmorskolen, år med arbeid på gjestgiveri, som skreddar og som kokke i fleire storbryllaup på Namdalseid.

Men ho fekk og kjenne på dagar som ikkje var gode. – Far fekk hjernebløding då han var 57 år. Han levde fem år etterpå. Broren min fekk og hjernebløding då han var på same alder, og han døydde av sjukdommen. Eg har vore heldig, sjølv om eg riktignok fekk eit slag for nokre år tilbake, fortel Trygve.

Heimejul er det beste

Året han fekk slag, er ein av få gongar han ikkje har feira jul på Oppland, enten heime eller hos ein av naboane. – Den jula farta eg mellom sjukehusa i Namsos og Trondheim, minnest han. To gongar har han feira jul på Stjørdal hos familie der, og det har vore fint.

Men heimejula synest han er den beste. – Eg ordnar meg anten pinnekjøt eller ribbe, og unner meg ein «Gammel Opland», smiler han og legg til at mens det før var mykje liv og røre og mange på besøk i jula, har jula vorte fredelegare no.

Ung skogakar

Som far sin vart Trygve skogsarbeidar. Han har ei imponerande samling av motorsager ståande, men og dei gamle handsagene som både han og faren brukte.

– Då eg var ferdig med skolen, starta eg å hogge tømmer. Eg var fjorten-femten år gamal. Naboguten, Bård Mork, var jamngamal, og han var og skogsarbeidar som ungdom, fortel Trygve. – Vi hadde kvar vår teig, men konkurrerte om å få ned mest. Vi var nok ganske jamngode.

– Det var lange dagar i skogen, særleg om våren når det var lyst lenge, og kosten bestod mykje av brødskiver med brunost og sukker, minnest han. Lørdagskveldane såg han fram til. Det var mykje folk i bygda, og mykje liv og røre desse kveldane.

Allsidig yrkesliv

Han starta som skogsarbeidar, Trygve. Seinare vart det mange ulike yrker. Då faren døydde berre 62 år gamal, var det Trygve som tok over garden heime.

– Gustav var allereie etablert med familie i Osen, så eg måtte gjere som far sjølv hadde gjort, ta over etter ein far som døydde brått.

Så bonde har han vore. Han byta ut kyrne faren hadde hatt, med sau. Han kan og notere seg som avløysar, slaktar og snekkar.

– Eg har snekra eit titals hytter og ein tre-fire hus, fortel Trygve. Og snekre gjer han framleis. Denne sommaren har han snekra naust. Med tømmer han har felt i eigen skog, saga på si eiga gardssag. – Noko av tømmeret har eg nok og vore med og plante, humrar han.

Den verste jobben

Den tyngste og mest slitsame jobben Trygve har hatt, hadde han då Nord-Trøndelag e-verk trong arbeidarar til å dra ut materialer og stolpar då bygda skulle få straum.

– Dei hadde samla alt i ein stor dunge på Jøssund, så det var lang veg å frakte materialet, fortel Trygve.

– Det var i 1962 og -63, og vi var to mann som skulle gjere arbeidet. Vi fløytte stokkane i elva, og for å få dei dit dei skulle, hadde vi berre ein motorsagvinsj til å hjelpe oss med. Det var lange dagar og tungt arbeid, men eg var ung då, legg han til.

Saken fortsetter etter annonsen

Ung gardist

Ung var han og då han var i militæret. Det var ein strabasiøs tur å kome seg dit. Han skulle ta båt frå Jøssund, og gjekk dei fem kilometrane til kaia. Ingen båt kom, så Trygve trava heimover, fekk på seg ski og gjekk over fjellet til Osenkrysset og dernest til Namdalseid der ei tante budde. Så vart det buss til Steinkjer og tog til Oslo. Der skifta dei tog og for vidare til Kristiansand.

Etter rekruttskolen med ein tre-fire månadar i Setesdal, gjekk ferda vidare til Garden der også to andre flatangringar hadde teneste; Hermod Haagensen og Arvid Brandsmo.

Ung gardist. Foto: Privat.
Ung gardist. Foto: Privat.

Året etter skulle han heim til påske, og då flaug han for første gong, frå Oslo til Værnes. Der tok han saman med seks kameratar drosje vidare nordover. Hos tanta på Namdalseid hadde han skia sine, han spente dei på og vada heimover i slapssnøen. Då han kom til Aune, fekk han motorsykkelskyss siste vegen heim.

Trygve fekk ei minnerik militærteneste. I løpet av tenesta vart kong Haakon gravlagd og kong Olav signa. Under signinga gjekk han i trondheimsgatene i paradeuniform. – Eg hadde ei rei med ungar etter meg, humrar han.

Å treffe blink

Ei av interessene Trygve har hatt gjennom heile livet, er skyting. Han meiner han berre var rundt tolv år då han starta og fortel at han måtte konkurrere med dei som var eldre. Året før, i 1948, var det kretsstemne på Oppland, og elleve år gamle Trygve fekk vere med og anvise på målskivene.

Skyttarlag fanst overalt då han var ung, fortel han. På Oppland hadde dei skyttarlag fram til 60-talet. Då vart Trygve med i Osen skyttarlag. Det brukte å vere skyttarstemner rundt omkring som dei dro på, blant anna i Meungen. I luftline er det om lag 1,2 mil frå heimgarden.

– Rekorden min på å kome meg dit, er ei time og femti minutt, fortel Trygve som har mang ei mil både på føtene og på langrennsski i fjella som omgir bygda hans.

Det var frå faren Trygve fekk skyteinteressa. I stova er det mange flotte premiar som Trygve og Peder har vunne.

– Far hadde børsa si i gammelstua under heile krigen, heilt fram til siste krigsvinteren. Då låg børsa ladd under ein einebusk uti skogen. Eg var liten og vart ikkje innvigd i hemmelegheita, men Gustav visste kor ho låg. Før krigen hadde skyttarlaget tatt affære og brent kartotekkorta der det stod kven som hadde børser. Slik berga dei børsene, mens bygdas radioar vart samla inn og lagra på Vik, fortel han.

Då krigen omsider kom til endes, kom det ein bodbringar rennande på ski for å fortelje om den store gleda. For sjølv om det var mai, var det godt med snø i fjellet. Tora fann straks ein av dei finaste asjettane sine til å ha som blink då freden skulle feirast med ein salutt. Og visst traff faren blink!

– Nei, gjekk ‘n sund, sukka mora til stor latter frå Trygve og dei andre ungane. Han hugsar godt at flagget vart heist og freden feira.

Beinbrudd

Fredsdagen var tidleg i livet til Trygve, men visst hugsar han hendingar før den tid. Ein episode som sit godt i minnet, var det som skjedde då han var rundt fem år. Saman med ein nabogut, hadde Trygve moro med å hoppe ned frå låvebrua på nabogarden. Litt og litt tøffare vart dei, og dei gjekk lenger og lenger opp for å ta sats.

– Det var laussnø under låvebrua, så vi landa mjukt. Det vi ikkje tenkte på, var at innved veggen, i takdropet, var det ikkje snø. Der var det is. Og då eg tok siste hoppet, landa eg med eit knas og ein avbrekt fot på isen.

Trygve vart bore heim og fekk seinare doktorbesøk – og ein fot i strekk festa i ein krok i taket. Gutungen hadde nok fått med seg eitt og anna ordet om krigen, for han synest doktoren var hardhendt og fortalte han endåtil at «du e verre enn han Hitler».

Seinare vart det ei strabasiøs ferd før Trygve kom seg til sjukehuset i Namsos. Første delen av turen måtte han fraktast med hesteskyss i ei krøtterkasse som vanlegvis var brukt til slakt, seinare gjekk turen med båt.

Han vart gipsa, og den lokale doktoren fekk skryt for å ha gjort ein god jobb. Då skulle ein vel tru alt var bra? Nei, då gipsen endeleg skulle av og mora kom for å hente guten sin, viste det seg at beinet hadde grodd skeivt og måtte gipsast på nytt. Til alt overmål hadde ein liten tinnsoldat Trygve leika med, lurt seg inn mellom ryggen og gipsen, og merket etter soldaten satt i ryggtavla årevis etterpå.

Ut på tur

Med ein slik langfart som gutunge, skulle ein mest tru han hadde fått stogga reiselysta. Men nei. Særleg etter at han vart pensjonist, har Trygve likt å reise. Han fortel om turar til Sverige, Danmark, Finland, Polen og til og med St. Petersburg, Russlands nest største by! To gangar har han vore i Tyskland. Med seg då hadde han naboen, Odd Morken.

Philip og Trygve i strålande humør. Foto: Privat.
Philip og Trygve i strålande humør. Foto: Privat.

Endåtil «over dammen» har turen gått. Der besøkte han søskenbarnet Philip Deraas som sjølv om han var fødd i USA og hadde budd der heile livet, snakka trøndersk. Og i likskap med Trygve, hadde Philip samla minne frå eit langt liv. Han viste seg dessutan å vere ein svært dyktig treskjerar; noko gåver Trygve har fått, er bevis på.

Trygve med trollet som søskenbarnet Philip laga då han var rundt 90 år.
Trygve med trollet som søskenbarnet Philip laga då han var rundt 90 år.

Eit hus fullt av historier, og ein god historieforteljar

Kvar minste ting i våningshus og uthusa til Trygve har små forteljingar festa til seg. Eg får sjå bakstefjøla hennar Tora som nabo og finsnekkar Jørgen Aune snekra i si tid. Fjøla er like fin – og for eit utrent auge er det reint uråd å sjå kor fjølene er limt ihop.

Eg får historien om øksebladet Trygve fann då han grøfta nedom garden – ei øks han tror kan vere så gamal som frå 1700-talet. Og teskjeia eg rører i kaffien min med, er frå 1920-talet. Det gjer godt å vere omslukt av alle desse historiene, og praten vår flyt fleire timar.

For Trygve tek vare på folka som kjem innom. Ei sirleg gjestebok vitnar om hyggelege treff, og på veggane heng bilete og minne frå eit langt liv. I uthuset finst til og med ein frysar faren kjøpte året før straumen kom til Oppland, og Trygve kan fortelje at når straumen kom og frysaren kunne tas i bruk, var det fleire naboar som lånte lagringsplass her. Og framleis er det liv i gammelfrysaren- han går som berre det!

Sprek kar

Trygve er ein sprek kar som enno klarar seg på eiga hand. – Eg klarar det meste, men får hjelp av naboar innimellom. Og så er eg heilt avhengig av sekshjulingen min, fortel han. Ein flunke ny modell står klar, innkjøpt for berre eit par veker sidan.

Trygve på tur med splitter ny sekshjuling.
Trygve på tur med splitter ny sekshjuling.

Helsa er ganske god, men høyrsla er ikkje den same. – Eg høyrer ikkje fuglesongen like godt lenger, men kråka høyrer eg, ler han. Og då passar det vel fint å runde av med nokre ord av ein annan kar som i likskap med Trygve var både god med ord og ein skikkeleg arbeidskar, nemleg Hans Børli:

«Tro meg, uten kråker
ville ikke livet være det samme.»