- Ein særskatt vil svekkje næringa. Ein vil få færre arbeidsplassar på stadar med få eller ingen alternativ, skriv professorane Trond Bjørndal og Ragnar Arnason i denne kronikken. Bilete visar Kråkholmen i Flatanger. (Foto: Bjørøya)
KRONIKK

Verdiskaping i oppdrettsnæringa

Verdiskapinga i ei kvar næring vert delt mellom eigarane, dei tilsette i form av lønsinntekter og det offentlege gjennom skattar og avgifter. Den særskatten på oppdrett som regjeringa ynskjer å innføre, vil innebere at staten tileignar seg ein større del av verdiskapinga.


KRONIKK: Dette er ein kronikk som gjer uttrykk for forfattarane sine meiningar.

 

Ein grunngjev dette med at storsamfunnet skal få meir av den verdien som vert skapt ved bruk av naturen i form av oppdrettslokalitetar. Denne grunngjevinga er misvisande, ettersom det er ein kombinasjon av produksjonsfaktorar som skapar desse verdiane og ikkje berre lokalitetane.

Fleire produksjonsfaktorar er naudsynte for å produsere oppdrettsfisk. Her skal me kort skissere enkelte. Dei menneskelege ressursane, frå pionerane som utvikla næringa for eit halvt sekel sidan til i dag, er avgjerande. Her har det skjedd ei rivande utvikling. I dei tidlege anlegga var arbeidsstokken i stor grad karakterisert av ufaglærte arbeidarar. På oppdrettsanlegg finn ein i dag høgt kvalifisert personell som biologar, veterinærar og ingeniørar.

Artikkelforfattarane er professor Trond Bjørndal i SNF, eit forskningsselskap knytta til Norges handelshøyskole i Bergen, og professor Ragnar Arnason ved Universitetet i Island. (Foto: Privat)

Teknologien, som er eit resultat av investeringar over tid, har gjennomgått fleire kvantesprang. Enkelt sagt har ein gått frå ein situasjon der fisk i merdar vart fora for hand til automatiserte fôringsanlegg styrt av dataingeniørar. Når det gjeld biologien, har avlsarbeid, betre for og utvikling av vaksinar effektivisert produksjonen.

Den utviklinga som her er skissert saman med tilgang på kapital og tilpassing i bedriftsstrukturen har over tid ført til ei kraftig effektivisering av produksjonen. Dette har vore heilt avgjerande for ekspansjonen i næringa. Eit sentralt poeng er at det er næringa sjølv i samarbeid med andre aktørar som i stor grad har vore ansvarleg for denne utviklinga.

Med dagens teknologi skjer mesteparten av oppdrett av laks og aure i sjø. Dermed er høvelege lokalitetar og ein viktig produksjonsfaktor.

Den store ekspansjonen av næringa ville heller ikkje vere mogeleg utan etablering av marknader som for 50 år sidan ikkje eksisterte. Det er næringa sjølv som saman med samarbeidspartnarar har utvikla marknadane slik at laks og aure i 2020 vert eksportert til 106 land. Det er og viktig å ha in mente at ein kvar marknad må kontinuerleg «haldast ved like» gjennom marknadstiltak.

Gode lokalitetar er naturlegvis naudsynte for oppdrett, men det gjeld og andre produksjonsfaktorar som teknologi, for og menneskelege ressursar. Utan betalingsviljuge marknadar ville det heller ikkje eksistere ei oppdrettsnæring i Noreg. Betre teknologi, gode produksjonssystem, kompetent personell og ekspanderande marknadar er soleis ansvarlege for ein vesentleg del av verdiskapinga. Å henføre verdiskapinga berre til lokalitetar er soleis feil. Det same gjeld å innføre særskatt på ein slik premiss ettersom ein vesentleg del av verdiane er skapte av menneskeleg innsats over tid.

Det finst mange høvelege oppdrettslokalitetar, både i Noreg og i andre land. Det som avgrensar produksjonen, er ikkje mangel på lokalitetar, men offentleg regulering av produksjonsløyve. I den grad det måtte finnast økonomisk rente i denne næringa, er det difor ikkje tale om «grunnrente», men reguleringsrente.

Ein særskatt vil ha mange konsekvensar. Investeringane i Noreg vil verte reduserte med den konsekvens at framtidig verdiskaping vert mindre enn elles. Sjølv om  skattlegginga aukar, er det mogeleg at summen av skattar vert redusert over tid. Dette paradokset burde regjeringa ta med i vurderingane sine. Vidare vil Noreg kunne misse sin dominerande posisjon i laksemarknaden ved at det vert meir attraktivt å investere i andre land. Det vert og sterkare insentiv til å utvikle alternative teknologiar som truleg i stor grad vil verte lokalisert i andre land enn Noreg. Eit scenario der verdien av produksjonsløyve vert redusert til null er fullt ut realistisk.

Ein særskatt vil svekkje næringa. Ein vil få færre arbeidsplassar på stadar
med få eller ingen alternativ. Det er og i stor grad tale om ein «high tech»-industri, nettopp den type arbeidsplassar ein ynskjer for framtida. Kanskje skulle representantar for departement og Storting ta turen ut av Oslo for å lære litt om realitetane i oppdrettsbedrifter langs kysten? Kunnskapsnivået om denne framtidsretta næringa mellom dei som skal treffe avgjerder som påverkar framtida verkar lågt.

Av Trond Bjørndal
Professor, SNF
[email protected]

Ragnar Arnason
Professor, Universitetet i Island

 

Denne artikkelen vart først trykka i Klassekampen.

Debatt
Flatangernytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.