Det er fullt mogleg å forhalde seg til fakta når det gjeld biologisk kjønn og samtidig ha hjartevarme og toleranse for dei som føler seg som noko anna enn det dei er fødde som, skriv stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp). (Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet)

Er fakta krenkande?

DEBATT: Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for artikkelforfatterens syn.

 

Det er fullt mogleg å forhalde seg til fakta når det gjeld biologisk kjønn og samtidig ha hjartevarme og toleranse for dei som føler seg som noko anna enn det dei er fødde som. Å skille mellom biologisk kjønn og kjønnsidentitet er vesentleg også for å gi god behandling til menneske med kjønnsinkongruens. Dette er dei som har ei oppleving av kjønn som ikkje samsvarer med det faktiske, biologiske kjønnet, som jo er grunnlaget for at vi i det heile har omgrepet kjønn. 

Dei siste vekene har eg og fleire som har ytra oss kritiske til påstandar som ikkje har rot i vitenskapen, blitt framstilte som fiendar av transpersonar og homofile. Fleire avisredaksjonar melder seg på i fordømmelsen av ytringane mine om at mennesket framleis har berre to kjønn og at karar ikkje kan føde. Av ein eller annan grunn hoppar kritikarane mine bukk over alt eg skriv om toleranse.

Eg har ikkje starta ein debatt om legning. Legning har jo heller ingenting med kjønnsidentitet å gjera. Viss eg likevel skal seie litt om dette temaet, har eg støtta homokampen så lenge eg kan hugse. Eg har teke til orde for at kommunar i distriktsnorge må ønske homofile like varmt velkomen som heterofile. Då Stortinget vedtok den nye ekteskapslova i 2009, stemte eg for alle endringar og var kjempeglad for framsteget.

Same toleranse har eg for transpersonar. Ingenting av det eg har sagt den siste tida om kjønn er då heller ytringar mot transpersonar og deira menneskeverd. Eg respekterer folks kjønnsidentitet. Men vi må ikkje gløyme at biologisk kjønn er knytt til rettigheiter. Vi kjem raskt borti viktige problemstillingar viss berre det å føle seg som eit anna kjønn skal vera tilstrekkeleg til å erverve rettigheiter som det andre kjønnet har. Det er lett å sjå at kvinner kjem dårlegast ut dersom menn som føler seg som kvinner til dømes skal hevde sin rett til å bruke deira dusjar og garderobar, sone i kvinnefengsel og delta i kvinneklassen på idrettsarrangement.

Eg meiner at det å la menn som føler seg som kvinner konkurrere mot biologiske kvinner i idretten er å skyte toleranse- og likeverdskampen i foten. Det er dessutan diskriminering, fordi kvinner fortener å konkurrere på like vilkår. Det er forskjell på kroppane og muskelstyrken til kvinner og menn, og i somme idrettar er det direkte farleg om ein mannskropp skal konkurrere mot ei kvinne. Det er ikkje klokt å oversjå fysiske og biologiske fakta.

Då blir det paradoksalt at Åse Kristin Ask Bakke frå Ap skriv dette i innlegget «Vær den du er fullt og helt»: «Mer enn noen gang trenger vi modige og kloke politikere som for en periode kan legge bort en akademisk kritikk av mennesker som definerer seg på en annen måte enn det Jenny Klinge forfekter. Men enn noen gang trenger vi ikke se folk som et biologisk kjønn eller legning, men som mennesker med de samme rettighetene.»

Dette er oppsiktsvekkande svakt av ein stortingsrepresentant. For det første påstår ho noko som ikkje er sant, nemleg at eg kritiserer transpersonar. Eg har jo aldri skrive eller sagt noko som gjer denne påstanden rett. For det andre, er det verken klokt eller modig å legge vekk vitenskap og fakta som grunnlag for den politikken vi utformar.

[annonse]
Dessutan: Fakta i seg sjølv er ikkje nokon kritikk. Viss fakta krenkar nokon, er det ikkje fakta som er problemet.

Av Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet

Debatt
Flatangernytt oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.